Ny bruker
Logg inn
 
Kommunetopper (430)
Fylkestopper (19)
2000m (129/228)
Øytopper (400)
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
På Eime
28 m
Kvitsøy
Rogaland
Til topps-med surfebrett!
(Skrevet av Anders 29.07.2008)

Tur foretatt: Juli 2008.

Etter 4 dagars planlegging og padletrening var tida inne for mitt sjukaste kommunetoppstunt – Kvitsøy på brett! Då eg har eit surfebrett liggande på hytto vår ved Stavanger var planen å bruke dette til å padle ut frå Kvitsøy til Eime og ta fagre surfebilete frå høgste punkt i kommunen.
Frå Stavanger, fiskepirterminal 4 går det hurtigbåt direkte til Kvitsøy på kvardagar kl. 1605 (og ca. 1800) og med 5-minuttsmarginen med båten frå Hellesøy til Stavanger gjekk dette akkurat. Hurtigbåten brukar 35 minutt til ferjekaien på Kvitsøy. Det var strålande ver; 25 grader, sol og tilnærma vindstille, noko som er eit kriterie for slikt eit prosjekt. Avstandar var målt på førehand vha Noregs Kartverk - 3 km bilveg frå kaien til nordaustre punkt på Krågøy + 1200 meter padling til Sandøya + gange over øy + 250 meter til Ternøya + gange over øy + 400 meter til Eime + 10 min gange til toppen (med brett).

Summasummarum ein tøff tur:
* Padlekryssing i ferjeleiet mellom Mekjarvik og Skudenes Hamn
* 30 minutt springing med surfebrett og tung sekk (mat, pc, våtdrakt, unameit)
* Lange padlestrekk, avbrote av ”øygamping”, meir enn eg hadde fått padla til saman dei 3 siste dagane

Springinga gjekk veldig greitt. Ved kryssing til Krågøy, tok eg til venstre over bom med tekst ”Ulovlig å passere” (radiomastsenter er nedlagt) etter å ha konferert med dei innfødde. Mykje bedehus og dyr på vegen som såg like dumt på meg som eg på dei. Ved Basecamp i fjøra der vegen svingar (nordaust på Krågøy) skifta eg, blåste opp redningsring til å ligge bak surfebrettet og pakka mobil, mat og diverse i x plastposar for å halde det tørt. Den store posen vart så lagt oppi redningsringen. Padling gjekk storfint mot Sandøya etter at ferja til Skudenes hadde passert. Men det var langt, meeeget langt. Ein kobbe titta opp framføre brettet og undra på kva dette var for ein skapning, mens fuglar sirkla rundt og venta som gribbar på eit kadaver. Eg hadde sømjehud og amfibietilstandar i kroppen ved landgang på Sandøya, vil tru det kjentes som i Normandie for 64 år sidan… Det hadde også tatt brukt mykje meir tid enn estimert (ein god time) på den fyrste kryssinga. Løytnant ’Hjarte’ avklarte med Kaptein ’Hjerne’ og fekk konkludert at bort til Eime og attende vart for langt for denne fotsoldaten. Dermed vart det ringt til Ydstebø Marina for å ikkje måtte snu utan kommunetopp. Der var det super sørvis, dei sendte sine forsterkingar og eg vart plukka opp 20 minutt seinare (av Johan?) i skjærgårdsjeepen. Han frakta meg siste biten til Eime, eg spant opp med brettet utan å starte krigshandling med dei tyske kamikazefuglane (øya er freda til 1. aug så eg var 4 dagar for tidleg…), tok eit par flotte ”surfeshots” frå toppen med brett og utsikt i verdsklasse, for så å returnera til sekken og til sist Ydtsebø Marina. Livet leika no så her var det berre å setje seg i fjøresteinane og fyre i gong eingangsgrillen. Ei nydelig sandstrand her med dyreliv, natursti og flott fauna rundt, berre 100 meter frå ferjekaien. Anbefalt for inkludering på ein godværsdag!

Konklusjon: Tid er fint å ha, ikkje legg opp til hektisk opplegg, det er mykje sjarm i kommune-Noreg. La dette ikkje vere siste vitjing til Kvitsøy, her var det nydelig. Sjølv 28 meter over havet kan gje panorama!
Moral: Ta mykje førehandsreglar når du prøvar på noko nytt. Ha tryggleik i førarsetet og pass deg for ferjo!


Tilbake til Kvitsøy


 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset