Ny bruker
Logg inn
 
Kommunetopper (430)
Fylkestopper (19)
2000m (129/228)
Øytopper (400)
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
UZJglwlz
1 m
Trondheim
Sør-Trøndelag
Grått og surt og kaldt på toppen
(Skrevet av Frode 23.07.2008)

Tur foretatt: Juli 2008.

Hadde nokre timar i Trondheim før eg skulle ta toget vidare til Oppdal, så eg bestemte meg for å prøve å kome meg opp på Storheia. Har tidlegare budd 6 år i byen, så det er litt dårleg å ikkje ha vore til topps i kommunen, og enno dårlegare at eg ikkje har nytta det flotte turterrenget i Bymarka meir enn eg gjorde. Men no hadde eg sjansen til å rette opp litt av det. Tok trikken til Lian og såg på klokka at eg hadde 2t 45min til toget skulle gå. Eg hadde kjøpt billett, så det skulle vere berre å hoppe rett på toget etterpå. Eg ga meg sjølv 1 time på å nå toppen, for at eg skulle ha nok tid til å rekke 14.05 avgangen. Hadde målt på kartet at det var ca 8,5 km til toppen.

Det var flott grusveg i starten oppover mot Skistua, så eit lite stykke med asfalt, før eg tok av på grusveg igjen like nedanfor Skistua. Det hadde nok gått ganske dårleg utan gps/kart, for det er ganske mange vegar og stiar som går på kryss og tvers i Bymarka. Etter eit par små sleivar, kom eg til slutt inn på rett sti mot toppen, og var oppe på 1t og 5min. Det var surt og kaldt på toppen, så eg tok kjapt fram kamera for å ta eit par bilde. Litt for kjapt, for samtidig flaksa det ein billett ut av lomma. I frykt for at det var den nylig innkjøpte togbilletten til Oppdal, måtte eg spurte 50 meter for å få tak i den. Men det viste seg at det berre var trikkebilletten til Lian. Etter kortast mogleg tid på toppen, løp eg ned igjen. Tok så asfaltvegen frå Skistua ned til Sverresborg som er litt nærare sentrum. Då eg kom ned dit var det heldigvis kun 10 min til neste buss, så eg rakk til og med innom eit par butikkar før eg sette meg på toget kl 14.01.

GPS-en viste 19,1 km med løping/rask gange, så det er ein ganske drøy tur for den som ikkje har bil. I helgene går det buss til Skistua, så det er eit godt alternativ. Elles er det kjempeflott terreng både for sykling, løping og for ski om vinteren.


Tilbake til Trondheim
 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset