Ny bruker
Logg inn
 
Kommunetopper (430)
Fylkestopper (19)
2000m (129/228)
Øytopper (400)
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
UZJglwlz
1 m
Jondal
Hordaland
Nedoverbakke i tåkeheimen
(Skrevet av Anders 13.07.2008)

Tur foretatt: Juli 2008.

Etter flott dag i skianlegget med ymse vær og sikt skulle me avslutte ny kommunetopp på høgste pkt av Folgefonna nord. Tåka la seg tjukk som risengrynsgraut med heilmjelk og litt for mykje gryn, men me avklarte med heiskarane at det skulle vere merka heilt til topps og litt til. Avtalen me gjorde var å bruke ein time på veg opp (skulle vere nok), om me då ikkje fann toppen var det ned. I tillegg vart det vending om me ikkje hadde kontroll på merking og veg. Lukkeleg var merkinga god og spor i snøden før oss gjorde jobben lett tross tåka. Lett var det ikkje å definere kor toppunktet var då det i tåka kjentes som det var nedoverbakke i båe retningar. Men etter kryssjekking med ein velinformert fusing fann me ut caavstand og catid til toppen. I tillegg gjekk rykte om urinering på toppunktet frå dagen før... Då det kjentes ut som det gjekk meir enn berre litt nedover (dvs over toppunktet) og me gjekk litt attende og fann gul snø konkluderte me med at dette var det beste me kunne få te i dag. 8 grader, litt vatn i lufta, men ellers herlig friskt.
Som me seier i orientering; Vilt, vått og vakkert.


Tilbake til Jondal
 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset