Ny bruker
Logg inn
 
Kommunetopper (430)
Fylkestopper (19)
2000m (129/228)
Øytopper (400)
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
Vassdalsegga
1658 m
Suldal
Rogaland
2 av 3 på ei helg (DEL 1)
(Skrevet av Ole-J 16.11.2004)

Tur foretatt: Oktober 2004.

Planen var 3 fylkestoppar på ei helg.

1. Vassdalsegga 1658 moh - Rogaland (Suldal/Vinje)
2. Sæbyggjenuten 1507 moh - Aust-Agder (Bykle/Tokke)
3. Urdalsknuten 1434 moh - Vest-Agder (Sirdal/Valle)

Det skulle vise seg å vere litt vel tøft...

Fredag 8. oktober 2004

Eg kom fram til Haukeliseter i skumringa, og køyrde ned til enden av anleggsvegen mellom Ståvatn og Kjelavatn. Det blei ein nydelig kveld, med kald klar luft og ein gnistrande stjernehimmel. Sjeldan har eg sett sett sjølve mjølkevegen so tydelig. Teltet og middagen blei gjort klar i lyset frå mi nyinnkjøpte hodelykt. Veldig bra investering! Natta blei kald, minus 4 grader, ytterduken på teltet rima både på innsida og utsida. Og det var kjølig på innsida av soveposen! Av bitter erfaring frå ei overnatting i bilen på parkeringsplassen til skisenteret i Hemsedal, ei iskald natt i november for to år sidan, der temperaturen var under minus 20 grader, burde eg ha visst at den soveposen er ubrukelig når det er kaldare en pluss 10..... Eg fekk no sove litt innimellom.

Laurdag 9. oktober 2004 - Vassdalsegga

I tre-tida om natta høyrde eg at det kom ein del bilar og folk. Då eg var klar til å gå klokka seks om morgonen, kom der ein bil til og føraren fortalte at det var ein leiteaksjon på gong etter to damer. Fyrste timen gjekk eg i lyset frå hodelykta. Stien går fint innover i omlag tusen meters høgde til Vassdalen. Som vanleg klarer eg aldri å forstå kartet før eg er komen vel heim, og det førte til ein kraftig omveg, skulle det vise seg. Avstandane var ein del større enn det eg forstod ut frå kartet. Og det som såg ut som små kular, var litt høgare og større enn som so. Det er ganske uvant for meg å gå på ein topp eg ikkje kan sjå frå utgangspunktet av turen. Og eg hadde ikkje rekna med å bruke so lang tid på ein topp som berre ligg omlag 650 hødemeter over der eg starta ifrå... Lærdomen er at skal ein på tur i område ein ikkje er kjend, og der det ikkje finst gode stiar, bør ein ha kartblad i 1:50 000. Turkart i 1:100 000 blir for dårlig. Det var fint å gå oppover Vassdalen, nydelig vær og heilt stille bortsett frå redningshelikopteret som svirra rundt. På omlag 1200 moh traff eg på den fyrste snøven. Eg såg ingen opplagt veg opp i retning Vassdalseggi og stien var fin, og været var fantastisk, og humøret var bra. So eg gjekk og gjekk. Eg var til slutt oppe på turistskardet i 1300 meters høgde før eg tok til vetet og begynte å gå i retning mot toppen. Fyrst gjekk eg opp på eit trigonometrisk punkt på 1489moh som ikkje har navn på det turkartet som eg har. Slik forsatte det opp og ned på eit par liknande toppar. Etter kvart som eg kom høgare, blei snøven djupare, og eg er glad for at eg hadde gamasjar. Det var ganske tungt å gå slik å vasse i snøven, men det gjorde ingen ting. Eg kosa meg i sola. Flott utsikt over kvite fjelltoppar og haustfarga dalar. Endelig fekk eg fred for redningshelikopteret. Det einaste som laga lyd no var fotstega mine i snøven, og is som smelta og rasa nedover frå berga. Eg støkte ein del ryper som ikke alle hadde fått komplett vinterdrakt enno. I halv eitt tida stod eg endelig på toppen av Vassdalsegga 1658moh – det høgaste punktet i Rogaland. Nesten heilt vindstille og fantastisk utsikt til alle kantar. Ikkje ei sky dei nærmaste hundrede kilometer. I det fjerne kunne eg kjenne igjen blant anna Hallingskarvet og Gaustatoppen. Eg hadde innsett for lengs at min svært optimistiske plan om å klare Sæbyggjenuten på same dag var totalt urealistisk. Men slik er det, av og til må ein justere planane i forhold til verkeligheita. På veg ned gjekk eg der eg skulle ha gått opp. Nemlig langs den varda ruta til den omlag tre kilometer lange ryggen til Vassdalsegga . På enden av ryggen skrådde eg ned i starten av Lisjedalen som ligg mellom Kistenuten og Vassdalsegga. Til slutt enda eg ned på stien langs med Kjelavatn som eg gjekk på om morgonen. Eg var tilbake ved bilen klokka halv fem. Så det hadde vore ein lang og hard tur. Under gode forhold, når ein går den kortaste vegen, er det vel mulig å gå turen på 7-8 timar. Eg brukte over 10 timar. No var det berre å pakke teltet og kjøre mot Hovden og nedover Setesdalen til Berdalen for å etablere basecamp for bestigning av Sæbyggjenuten.

Etter omlag 20 minutt rask gange innover skogen i Berdalen frå parkeringa, fann eg ein brukbar teltplass og fekk opp teltet før det blei mørkt. Etter ein bedre middag frå resturanten til Real turmat var eg meir en klar for soveposen. Eg hadde håp om at det skulle være litt varmare denne natta, men det var stjerneklart, og det er gjerne litt kaldt i 800 meters høgde om natta på denne årstida. So det vart nok ei natt med dårlig søvn. Då eg stod på toppen av Vassdalsegga håpte eg på å nå ein sportsbutikk på Hovden, slik eg kunne få meg ein ny sovepose, men det blei for seint. Tross alt sov eg litt betre denne natta enn på Haukeli.

Bilder frå Vassdalsegga:

http://www.eurofoto.no/fotoalbum.php?aid=499745&portal_language=no_NO


Tilbake til Suldal
 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset