Ny bruker
Logg inn
 
Kommunetopper (430)
Fylkestopper (19)
2000m (129/228)
Øytopper (400)
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
Kolbeinsvarden
231 m
Askøy
Hordaland
Lost Vardeweekend
(Skrevet av Anders 05.11.2004)

Tur foretatt: August 2003.

Innsatskast (1-6): 3

Vardekast (1-6): 3

Siste dag på 'Lost Weekend' - musikkfestivalen hadde lagt resten av øya øde. I vert fall var det ingen andre å sjå i Granheims natureldorado. Skjønt - myrar, mygg og einarbuskar prøvde og øydeleggja idyllen. For å entra denne jungelen hadde eg tatt buss til Kleppestø - videre mot Øvre Kleppe og hoppa av i Florvågskifte. Deretter var det og labba dei 10 min opp til Bergheims stadion og 5 min nedover mot Florvåg. Det fyrste eg prøvde meg på var og ta ein snarveg opp frå gjennom ein myr og opp ein skråning til øyas nest høgaste fjedl - Storevarden (217 moh). Stien gjekk jo rundt i ein boge og det måtte jo vera tid å spara på og gå 'raka vegen'. Kortaste tid mellom A og B er jo sjølvsagt ei rett linje...
25 minutt seinare, letare foreslått, med ryggjen full av barnålar, svette som rann og sko full av myr ankom eg stien som hadde tatt ca. 15 min og følgja. Eg lerar aldri, men det er som regel ein grunn til at stien går i boge :-) Resten av turen opp gjekk kjapt og i strålandes sol kunne eg nyta utsikt øve heile Bergensdalen - frå Salhus til Sotrabruo! Så var det ned i sumpen igjen og jobba seg til Kommunetoppen Kolbeinsvarden (231 moh). Brukte ca. 45 min bort her og stien var grei nok og følgja. Høgskafta sko er dog tilråda til dette våte, tasmanskaktige landskapet. Toppen var også her kjemisk fri for lokale heltar og Broiler-bergensare (som sagt: I Kollevågen). Dog hadde det vøre nokre sjelar tidlegare på dagen. Eit kvarter med stoisk ro, lun bris og sterk sol blei sugd inn som livets eleksir - Deilig! Deretter bar det tilbake til Florvågkrysset og gange til Kleppestø terminal der buss for til sentrum. Turtid: 2t 5 min. (veldig hurtig gange) Det er sjølvsagt mogleg og ta båt (Beinvegen) denne strekninga, men eg har busskort og brukte derfor det.
Her er nokre bileter frå turen:
http://www.minebilder.no/fotoalbum.php?aid=231330


Tilbake til Askøy
 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset