Ny bruker
Logg inn
 
Kommunetopper (430)
Fylkestopper (19)
2000m (129/228)
Øytopper (400)
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
UZJglwlz
1 m
Stord
Hordaland
Stord/Fitjar med Sherpa
(Skrevet av Anders 05.11.2004)

Tur foretatt: Juni 2003.

Innsatskast (1-6): 3

Vardekast (1-6): 4+

Då var sundagsturen (1. pinsedag) av det meir livlege slaget. Morgonferjo frå Halhjem til Sandvikvåg gjekk med blå himmel og varmen på topp. På andre sida stod søsteren til ein kompis klar og kjøyre oss til Ankervika kor turen starta. Me hadde ein kar med oss frå Fitjar, og han fungerte fint som lokal 'sherpa' på øyos lumske åsar. Etter ein del traktorstitråkk kom me opp til eit vegskille og kunne gå rett opp eller rundt inn dalen og opp til Mehammarsåto. Etter fleire år til fjedls fann me ut at erfaringa tilsa rundt og inn dalen. Dalen blei saumfart og etter kvert for me opp eggen mot toppen. På dette stadiet var det så varmt at den bare hud blei offer for sterke solstrålar, og nokre eldre folk rett bak oss skulle heller ikkje få ta oss igjen. Dermed blei tempoet auka og toppen blei nådd ca. 2 timar etter start, ikkje værst. Nydeleg utsikt frå Stord Kommunes høgaste topp - 749 moh og grensen til nabokommunen Fitjar rett nedenfor. Etter å ha skua Os Kommune sine fagre svabert ein stund bar det ned over kommunegrensen til Grønafjedlet 676 moh. Det er to knausar i nærleiken som er litt høgare enn fjedlet, og det er stor debatt om kva som skal reikanst som høgaste pkt i Fitjar kommune. No skal dei i tillegg bygga vindmøllepark på snaufjedlet så då blir mogleg dei høgast, hehe. Men alle knausar blei erobra (det einaste nynorske ordet for 'bestige', Frode, alternativet er 'stige opp på'), maten vart fortera og så forsatte me i expressfart mot Fitjar. Sherpa gjekk forann med store sjølvtillitt og bortsett frå ein sko som hang fast i ei myr, ein hoggorm som førte til ein skremt sherpa og nokre tette einerbusk-partiar var det ein flott tur i sola. Botnvatnet midt på øyo blei passert for så å starta siste nedstiging mot Rimbareid i Fitjar sentrum. 5 timar gjekk det heile på, og eg har knapt gått så fort i midt liv! Allikavel fekk med med oss mykje natur og blei løna med grillspyd og is når me omsider nådde fram til sherpaen (framleis kompisen min)sin bolig. Me fekk og ein guida tur i Fitjar der ein fin idrettsarena, lokale heltars gjeremål og industrisatningsområdet blei avslårt. På dette tidspunkt sovna eg og fann ut det var på tide og komma seg tilbake med Ferjo til fagre Os. Solbrun og fin, tilbake i Bergen minnes eg turen med eit stort smil. Eg anbefalar turen før vindmølleparken blir byggja!


Tilbake til Stord
 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset