Ny bruker
Logg inn
 
Kommunetopper (430)
Fylkestopper (19)
2000m (129/228)
Øytopper (400)
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
Mehammarsåto, nord for
680 m
Fitjar
Hordaland
Stord/Fitjar med Sherpa
(Skrevet av Anders 05.11.2004)

Tur foretatt: Juni 2003. Andre på toppen: Jarle

Innsatskast (1-6): 3

Vardekast (1-6): -

Då var sundagsturen (1. pinsedag) av det meir livlege slaget. Morgonferjo frå Halhjem til Sandvikvåg gjekk med blå himmel og varmen på topp. På andre sida stod systo til ein kompis klar og kjøyrde oss til Ankervika kor turen starta. Med på laget var ein lokalkar frå Fitjar, og han fungerte fint som 'sherpa' på øyos lumske åsar. Etter ein del traktorstitråkk kom me opp til eit vegskille og kunne gå rett opp eller rundt inn dalen og opp til Mehammarsåto. Erfaringa tilsa inn, rundt og opp. Dalen blei saumfart og etter kvert for me opp eggen mot toppen. På dette stadiet var det så varmt at den bare hud blei offer for sterke solstrålar, og nokre eldre folk rett bak oss skulle heller ikkje få ta oss igjen. Dermed blei tempoet auka og toppen blei nådd ca. 2 timar etter start, ikkje gale. Nydeleg utsikt frå Stord Kommune sin høgaste topp - 749 moh og grensen til nabokommunen Fitjar rett nedanfor. Etter å ha skua Os Kommune sine fagre svaberg i det fjerne ei stund bar det ned og over kommunegrensen, til Grønafjellet 676 moh. Det er to knausar i nærleiken som er litt høgare enn fjedlet, og det er ordkløyve om kva som skal reikanst som høgaste pkt i Fitjar kommune. No skal dei i tillegg bygga vindmøllepark på snaufjedlet så då blir mogleg dei høgast, hehe. Men alle knausar vart erobra, maten fortert og så forsatte me i ekspressfart mot Fitjar. Sherpan gjekk framføre med store sjølvtillitt og bortsett frå ein sko som hang fast i ei myr, ein hoggorm som førte til ein skremt sherpa og nokre tette einerbusk-partiar var det ein flott tur i sola. Botnvatnet midt på øyo blei passert for så å starta siste nedstiging mot Rimbareid i Fitjar sentrum. 5 timar gjekk det heile på, ein må nesten springja for å gjere det på mindre tid! Likevel fekk med med oss mykje natur og blei lønna med grillspyd og is når me omsider nådde fram til sherpaboligen. Me fekk og ein guida tur "downtown" Fitjar der ein fin idrettsarena, lokale heltars gjeremål og industrisatningsområdet blei avslørt. På dette tidspunkt sovna eg og fann ut det var på tide og komma seg tilbake med Ferjo til heimbygdo. Solbrun og fin, tilbake i Bergen minnes eg turen med eit stort smil. Eg vil anbefale turen før vindmølleparken blir byggja, og naturopplevingsmessig er det meir å hente på å krysse øya enn å gå rett opp og ned.


Tilbake til Fitjar
 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset