Ny bruker
Logg inn
 
Kommunetopper (430)
Fylkestopper (19)
2000m (129/228)
Øytopper (400)
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
UZJglwlz
1 m
Sigdal
Buskerud
Norefjedlsmassivet på menyen
(Skrevet av Anders 05.11.2004)

Tur foretatt: September 2004. Andre på toppen: mob

Innsatskast (1-6): 4

Vardekast (1-6): 4

Omtale:
Etter rangling på fredag samt dingling i Nordmarka og dykketur på Under Water Pub laurdag burde det vøre effektiv helj nok og ein roleg sundag med nytrekt Friele – kaffi og tryktsværte på fingrane i Kirkevegen... BURDE...
Bigseth hadde nemleg lufta tanken om Norefjedl og 3 forlokkandes kommunetoppar, og då var eg ikkje så vanskjeleg å ha med å gjera. Me for litt øve 1100 frå Oslo og passerte Sole Hotell ca halvannen time seinare. Skitrekket var diverre steng og dermed blei det fottur i dag. 40 kroners bomveg på asfalt tykkjer eg var litt drøyt, men ka verden gjer me ikkje for å komma oss til Tempelsetra. Så me starta rundt 1330 å gå frå setra opp langs Tempelbekken. Eg erfarte kjapt at her helsar du ikkje på folk før du er utanfor hyttefeltet. Dog var folk voldsom på å helsa når me var litt ’oppe i sio’. Her i sio hadde me flott utsikt mot det me trudde var Gråfjedl og døpte det straks ’Nordens Mawenzi’ då det minna om det tanzanianske teikneseriefjedlet. Diverre viste det seg å vera Ranten på 1419 moh og berre eit steg på veg mot målet...
Vel oppe til Raudmyra etter 45 min var det Gråfjedl vestøve og Høgevard nordaustøve. Me raste mot Grådfjel fyrst då dette var det grøvste turen. Etter ein time med månestein - landskap og litt klyving mot slutten endte me oppe på Gråfjedl heilt aleina. Litt blæst plaga oss lite, og lønsjen blei fortæra med flott utsikt mot Gaustatoppen, Jotunheimen og andre Noregstak. Varden hadde fin kustus, var sirkulær og velproposjonert, men med litt utsklidde steinar på eina sio kunne det ikkje bli meir enn vardekast 4, tross dobbel kommunetopp.
Ned att til Raudmyra gjekk riktig så kjapt sjølv om avstanden virka lang. Mogleg hadde dette noko med tippeligaen som satt i gong 1800 ;-) Deretter var det opp på andra sio mot Høgevard, der stien var brei og fin. Norefjell viste seg frå si beste time og høgfjedlskjensla var faktisk i blodet. Vel oppe på kantet av massivet passerte med Høgevardshytta (DNT) og Høgevardsvatnet (1374 moh). Moralen var høg, Guinessen i går var berre eit minne og eg fantaserte om å bruke hytta som skikøyringsbase ein gong i framtida.
Dog var det ei trist markering som møtte oss på toppen. Sjølv om Språkrådet definerar ’Varde’ som ’ein oppsamling av steinar for merking av fjedl/stiar’ kan denne kaoshaugen knapt skli innanfor eit slikt fyndord. Det såg ut som ein gjeng frå Klanen hadde kasta på strek berre at dei gjekk tom for 5 – øringar og brukte stein i staden! Men, men - utsikten var formidabel og 5. kommunetopp på 2 dagar var eit faktum. Dermed var det berre å komma seg ned igjen til Reinsdyrsteik og Elgkarbonadar i Eggedal samt 90 minutt med tippeligafotball på radio. Me var i bilen 1804.
Attende i Oslo var det berre å nyta årets mest effektive helj og rusta seg for ny jobbveke!


Tilbake til Sigdal
 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset