Gjekk inn frå Turtagrø om kvelden, og overnatta i Hytta på Bandet. Lite søvn i fuktig og kald hytte. Starta tidleg neste morgen, i brukbart vær. Gjekk på snøfeltet aust for hytta, noko som nok var eit dårleg valg. Måtte bruke tauet på eit sva, over snøfeltet. Kom oss greit opp til Hjørnet, der tauet kom på igjen. Tok opp Hefteys, og kom oss etter kvart opp på toppen. Ikkje den store utsikta, med litt skyer i området. Rappellerte ned igjen, og tok same veien frå Hjørnet, med ein liten rapell. Vart mørkt før vi var nede til Turtagrø, ca kl 22.30.