Ny bruker
Logg inn
 
Kommunetopper (430)
Fylkestopper (19)
2000m (129/228)
Øytopper (400)
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
UZJglwlz
1 m
Høyanger
Sogn og Fjordane
Skoddetur
(Skrevet av agnar 15.08.2007)

Tur foretatt: August 2007.

Gjekk frå Esebotnen i Balestrand. Lite stykke på grusvei, før det gjekk over i tydeleg sti. Etter å ha kryssa
ei elv vart stien utydeleg, med høge bregner og gras. Vanskeleg til tider å finne stien, og våt opp til armane.
Lang trang dal, som enda i ein bratt botn, dekka av snø nederst. Etter litt prøving og feiling fann eg til slutt opp, men det viste seg ikkje å vere beste vegen. Så det vart litt skummel klyving. Oppe på kanten, på ca 1000moh låg skodda tett, så det vart å gå på GPS resten av oppstigninga. Gjekk vestover til Skardavatnet, og fann ein rygg som eg følgde opp til høgd 1372, vidare mot 1429, før eg runda vestover mot høgde 1456.
Tidlegare var det denne som var oppgitt som høgaste punktet i Høyanger, men ser at det no er retta til 1450.
Og iflg GPS-en går ikkje kommunegrensa over 1456, men over ein liten knaus 100 m lenger aust. Etter å ha starta nedstigninga frå høgd 1372 letta skodda litt, så returen vart litt lettare. Brukte nesten 11 timar på turen.
Trur nok det er lurare å gå frå Ese, litt nermare Balestrand.


Tilbake til Høyanger
 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset