Ny bruker
Logg inn
 
Kommunetopper (430)
Fylkestopper (19)
2000m (129/228)
Øytopper (400)
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
UZJglwlz
1 m
Porsgrunn
Telemark
O-klunging i Kløvereng etter jakting på O-postar
(Skrevet av Anders 09.07.2007)

Tur foretatt: Juli 2007. Andre på toppen: Frode

Etter Sørlandsgaloppens siste dag (orientering) hadde me ikkje prestert heilt på topp og måtte ta ein ekstratur for å fortjene ein dusj.
Me køyrde via Eidanger til Oklungen og stoppa ved skilt mot Fjerdingen (5 min køyring). Her var det frodig natur på godt og vondt til toppen, sommarfuglar og floger i hopetal. Stien opp var grei å følge tross nokre delingar og på toppen var det varden og flott utsikt (til austlandet å vere). Ein god halvtime i rask gange. Nokre blåbær seinare tok me turen til utkikspunktet søraust (?) for toppen med bokskriving i "Anders er Best" - boka. Nokon har vore her oppe felt mange gonger... Sjølv sett me meir pris på ulike toppturar og kom oss ned igjen for å ta turen til Haukeli. Ved bilen blei det tid til ein dukkert i herlig vatn på andre sigen av vegen. Mykje natur for pengene her!


Tilbake til Porsgrunn
 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset