Ny bruker
Logg inn
 
Kommunetopper (430)
Fylkestopper (19)
2000m (129/228)
Øytopper (400)
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
Kohinor-hytta
345 m
Skedsmo
Akershus
Litt flaks, men mest rutine
(Skrevet av Frode 08.10.2006)

Tur foretatt: Oktober 2006. Andre på toppen: erling

Dette er ein kommunetopp ein heilt klart burde tatt med gps. Vi hadde hverken gps eller kart med oss (navigatøren vår hamna på fylla natta før, og kunne dessverre ikkje stille). Men eg og Erling klarte likevel å finne fram. Vi tok av frå rv 22 i Fetsund sentrum og køyrde nordover på vestsida av Glomma. Vi passerte fleire praktfulle gårder, men då vi kom til Frelsesarmeens "Håpets dør" forstod vi at vi hadde kome litt for langt. Vi køyrde tilbake ca ein km til gården Skårer der det går ein skogssti omlag rett mot nord. Vi fulgte denne vegen heilt til endes. Vi holdt til høgre ved det eine vegskillet som var. Ved enden går det ein traktorveg heilt opp til ei hytte. Vi lurte ei lita stund om vi var på rett plass, men sidan denne hytta heitte Ruserud fann vi ut at vi måtte ha kome litt for langt nord. Vi fulgte ein sti som gjekk vestover frå Ruserud. Etter 5 min gange kom vi til eit skilt der det stod Kohinor. Etter nok 10 min med gange på ein litt blaut sti, kom vi endeleg fram til den rette hytta. Sjølv om vi ikkje gjekk i rett luftlinje, vil eg tru at vi hadde ein ganske optimal tur likevel. Turen på sykkel ned frå Ruserud gjekk iallfall fort unna.

Tilbake til Skedsmo




 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset