Ny bruker
Logg inn
 
Kommunetopper (430)
Fylkestopper (19)
2000m (129/228)
Øytopper (400)
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
Røysekollen, sørvest for
348 m
Fet
Akershus
Midt i elgjakta
(Skrevet av Frode 08.10.2006)

Tur foretatt: Oktober 2006. Andre på toppen: erling

Vi køyrde først til Tunnsjøen og vurderte å ta skogsvegen inn på vestsida av innsjøen. Men i følge kartet måtte vi då ha kryssa eit ganske vått myrområde. Vi køyrde istaden tilbake til Midtskog og køyrde opp til bommen på skogsvegen som går nordover på vestsida av Røysekollen. Vi ante litt uråd då vi møtte eit jaktlag på 6 elgjegerar. Men dei meinte vi trygt kunne sykle innover vegen og klyve opp på Røysekollen, uten å risikere å få kuler rundt øra. Vi sykla 2 km innover vegen og parkerte syklane omlag på kommunegrensa mellom Fet og Aurskog Høland. Vi gjekk så opp gjennom skogen. Det var litt lett klyving eit par plassar, men vi fann greit fram til toppunktet på 350 m. Vi fekk spist litt tyttebær på den 200 m lange turen ned til steinen som markerer grensa til Fet kommune. Ikkje særleg utsikt herfrå, men ein kommunetopp er ein kommunetopp.

Tilbake til Fet


 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset