Ny bruker
Logg inn
 
Kommunetopper (430)
Fylkestopper (19)
2000m (129/228)
Øytopper (400)
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
Kongsvollen
683 m
Hareid
Møre og Romsdal
Flott tur inntil utsikta forsvann
(Skrevet av Frode 31.10.2004)

Tur foretatt: August 2004. Andre på toppen: Anders

Året før var eg på Melshorn som eg då trudde var høgste toppen i Hareid. Men så feil kan ein ta om lokale fjell. Kommunegrensa mellom Hareid og Ulstein går faktisk gjennom toppen på Kongsvollen. Eg og Anders starta frå Løsetvatnet opp for Haddal ein fredagsettermiddag. Vi gjekk først opp til Kvamstua, og derfrå fulgte vi eggen opp til Kongsvollen. Flott utsikt mot Vartdalsfjorden og Sunnmørsalpane heilt til vi kom til toppen der det skya til og byrja å regne. Vi var etterpå på Blåtind (høgste i Ulstein) som ligg like ved. Der var det akkurat like dårleg utsikt som då eg var der året før.

Tilbake til Hareid
 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset