Ny bruker
Logg inn
 
Kommunetopper (430)
Fylkestopper (19)
2000m (129/228)
Øytopper (400)
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
UZJglwlz
1 m
Øyer
Oppland
Nydelig skitur i fantastisk natur!
(Skrevet av Håkon L 24.04.2014)

Tur foretatt: April 2014.

Starta dagen med bil fra Lillehammer og kjørte E6 nordover. Tok av mot Gopollen og kom til ein sjølbetjent bomstasjon, betala dei 50 kronene og kjørte vidare på Gopollvegen. Ein dårlig veg med mykje hoppar, høler og tidvis mykje gjørme og djupe spor. Etter ca. 15 km kom eg fram til enden av den "store" vegen, her parkera eg på ein stor parkeringsplass med skilt som Digeråsen. Spende på meg skia her og traska opp fjellsida.

Etterkvart oppdaga eg eit lite problem, det var nemleg at eg hadde klart å gå ut av kartet på GPS'n. Så eg måtte gå litt på følelse. Etter ca 1 times gåing (inkludert mykje vurdering om det var rett veg eller ei) stod eg på ein topp, eg syns det var litt for kort til å vere Eldåhøgda. Mistanken visa seg å stemme, på toppen var det nemleg ei bok der det stod "Høgtinden". Inne i boka var det også eit kart, der Eldåhøgda var avmerka, dette var i stikk motsatt retning i forhold til det eg hadde gått! Eg måtte ned i ein ny dal, opp på eit nytt fjell, ned i ein ny dal og opp på rett fjell. Heldigvis var sola med meg, så eg tok fatt på turen. Etter ca. 3 timar etter eg hadde reist fra bilen stod eg på toppen av Eldåhøgda, ein fin topp med 3-4 vardar rundt omkring på toppen med bok på den største varden med 4 steinar rundt. Dette hadde vært nokon her så langt i år. Tok meg litt mat her før eg tok fatt på heimturen, denne gangen gjekk eg raka vegen ned til bilen. Såg ingen andre her denna fine aprildagen, bare nokre ryper og ein Orrfugl. Ein fin tur å ta på ski for den spm er glad i det.

Takk for turen!


Tilbake til Øyer
 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset