Ny bruker
Logg inn
 
Kommunetopper (430)
Fylkestopper (19)
2000m (129/228)
Øytopper (400)
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
UZJglwlz
1 m
Etnedal
Oppland
Flott tur på nydeleg seinsommerdag
(Skrevet av hansn 06.09.2012)

Tur foretatt: September 2012.

Hadde lenge gleda meg til å gå opp på Spåtind der den ligg som eit bokstaveleg talt høgdepunkt med milevis utsikt i alle retningar. Og for ein fantastisk tur på fjellet det blei. September viste seg med strålande vær. Og utsikten var heilt suveren!

Utgangspunkt: Parkerte ved Feplassen like nord for Hafsenn og Røgletjernet. Stien er skilta frå vegen.

Vegbeskrivelse: Fulgte flott raudmerka sti heilt til topps. Eit par hundre meter frå starten var det skilta til venstre til sikteskive. Dette var vel verdt nokre hundre meter avstikkar. Undervegs mot toppen slår stien seg saman med stiar opp frå ulike andre startpunkt, blant anna Lenningen og Fjellsætra, og dermed mulighet for fine rundturar.

Utsikta var fantastisk så og sei frå starten. Deilig frihetsfølelse og gå her oppe sjølv om det var rimeleg mange andre som hadde lagt turen same veg.

Heile vegen ned gjekk eg og såg over på Djuptjernkampen, nok ein kommunetopp eg gjerne skulle hatt med meg denne dagen. Men kroppen slo seg vrang og i staden for tur opp dit så blei det deilig rømmegraut borte på fjellstova på Lenningen.

Spåtind leverte varene og meir til!


Tilbake til Etnedal










 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset