Ny bruker
Logg inn
 
Kommunetopper (430)
Fylkestopper (19)
2000m (129/228)
Øytopper (400)
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
UZJglwlz
1 m
Haugesund
Rogaland
Nydeleg liten kysttopp!
(Skrevet av hansn 17.07.2012)

Tur foretatt: Juli 2012.

Kjem vel alltid til å forbinda Haugesund meir med Karmsundet, småbåtar og Sildajazz enn med toppsamling, men Klauv er såvisst ikkje den verste toppen eg har svetta meg opp på. Skjønt så veldig mykje svette rekk ein ikkje å legga igjen her. Med mindre ein svettar av skrekk for det som buktar og kryp langs stien. Her var det orm nok!

Utgangspunkt:
Eg køyrde veg 47 nordover frå haugesund, og tok av inn på Halseidvegen (veg 934). 4,5 km etter at eg tok av frå veg 47 parkerte eg på høgre side av vegen ved ein veg som tok av der. Stien starta knappe hundre meter lenger fram ved mast med trafo som omtalt av blant anna Ole Petter.

Vegbeskrivelse:
Merka sti. Først eit kort stykke i skog, så vidare oppover blant brakebuskar og etterkvart rimeleg forblåst og meir stein mot toppen. På toppen var det bart og flott utsikt. Toppmarkeringa var blåsen overende. Her står det nok ganske friskt på inn frå havet på dagar mindre fine enn den eg hadde.


Tilbake til Haugesund






 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset