Ny bruker
Logg inn
 
Kommunetopper (430)
Fylkestopper (19)
2000m (129/228)
Øytopper (400)
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
UZJglwlz
1 m
Stange
Hedmark
Lørdagskveld etter solnedgang
(Skrevet av hansn 10.06.2012)

Tur foretatt: Juni 2012.

Brukte den lyse junilørdagskvelden til å besøka "dobbeltoppen" Orrkjølen (Årkjølen) i Stange og Nord-Odal. Var ikkje heilt sikker på kor mørkt det ville bli i skogen på veg ned att etter solnedgang, men det gjekk svært så greit. Fin tur og fin topp sjølv om eg nok hadde sett litt meir derfrå meir lys og mindre kveldsskodde.

Utgangspunkt: Parkerte på stor åpen plass nesten i enden av vegen ved Gjellbekksætra, etter å ha tatt av austover på bomveg (sms kr 40) frå veg 24 ved Malungen og køyrd forbi Grytsætra.

Vegbeskrivelse: Gjekk kort vidare innover vegen mot Gjellbekksætra og fann blåmerka sti på høgre side. Fulgte denne stien heilt til topps (av og til raude/rosa og kvite merker). Litt skog, litt hogstfelt og meir og meir myr mot toppen. Støvlane kom til sin rett.

På toppen står det flott utsiktstårn med sikteskiva. Skumring og kveldsskodde ga ikkje så stort utbytte av utsiktstårnet som det ville vore med meir lys, men det er nok bra utsikt herfrå.

Det blei ikkje behov for nattorientering med GPSen denne gang. Men då eg rulla nedover med bilen mot Malungen igjen litt seinare var eg glad for at eg ikkje starta ein halv time seinare. Skogen blir mørk sjølv i juni.


Tilbake til Stange




 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset