Ny bruker
Logg inn
 
Kommunetopper (430)
Fylkestopper (19)
2000m (129/228)
Øytopper (400)
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
UZJglwlz
1 m
Øvre Eiker
Buskerud
Ein rett så fin topp!
(Skrevet av hansn 02.06.2012)

Tur foretatt: Juni 2012.

Myrhogget er nok ikkje av dei mest besøkte toppane om ein skal døma etter navna i toppboka, det er synd for dei som ikkje legg turen hit for dette er ein relativt lett tilgjengelig topp med flott utsikt i alle retningar.

Utgangspunkt: Eg parkerte ved Midtstua etter å ha betalt kr 30 i bompengar (kun mynt) litt etter travbanen. Derfrå er det skilta til Midtstua.

Vegbeskrivelse: Eg følgde blåmerka sti (i starten skogsveg) frå Midtstua. Flott sti opp gjennom, om enn noko blautt så støvlane kom til sin rett. Eit kort bratt parti ved Hoggtjern, men stige og wire til å halda seg i gjorde dette greit å passera.

På toppen er det ein stor varde som enten har sett sine betre dagar eller som vart starte på som ein varde og fullførd som ei slags steinrøys. Liten tvil om at ein er på toppen uansett. Utsikta er strålande i alle retningar. Blefjell, Jonsknuten, Tryvann, Viksersund og Tyrifjorden, Eikeren og ein drøss med toppar som bare låg der og inviterte til besøk. Ein annan dag :-)

På veg ned møtte eg "løypepatruljen" som med øks, sag og malingsspann gjorde den allereie flotte stien enno finare. Så dei siste par kilometrane vart reine parademarsjen langs nymalte stimerker.

Knappe 8 km tur/retur.

Det er lett å anbefala turen til Myrhogget (Myrehogget)!


Tilbake til Øvre Eiker


 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset