Ny bruker
Logg inn
 
Kommunetopper (430)
Fylkestopper (19)
2000m (129/228)
Øytopper (400)
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
UZJglwlz
1 m
Songdalen
Vest-Agder
Hoggormen hogg i skoen
(Skrevet av hansn 22.05.2012)

Tur foretatt: Mai 2012.

Sidan eg var ganske liten har eg hatt to ting eg absolutt ikkje har likt. Edderkoppar er det eine. Slangar/ormar er det andre. At den farlegaste ormen i Norge er hoggormen, og at denne for dei fleste av oss slettes ikkje er så veldig farlig hjelper ikkje på skrekken. Eg synest dei er flotte å sjå på litt avstand, men å bevega meg i mykje lyng utan å vita kva eg trør på bidrar til meir til litt stress. Eg brukar derfor alltid å vera godt skodd på turar der slikt terreng er sannsynleg. Heldigvis var eg godt skodd på denne turen også. For då eg ved ei stor myr hadde stoppa for å fotografera ein tiur så kjende eg at det liksom levde nede ved føtene. Eg såg ned, og der, midt mellom skoa låg det ein feit og fin hoggorm. Han hogg i skoen akkurat i det eg fekk auga på han. Med solide tursko var dette sjøvsagt ikkje farleg, men hjertestopp er jo slett ikkje sunt, og det var nok kun marginar frå at det skjedde. Pulsen var høg på resten av turen der eg vassa i knehøg lyng..

Utgangspunkt:
Parkerte ved første skogsveg mot aust sør for Storåker på veg 101. Dette blir skogsveg nr 2 (3 om ein tel den korte) nord for avkøyringa til Eikeli.

Vegbeskrivelse:
Fulgte skogsvegen (grus) austover nokre hundre meter til eit kryss der det sto ei lita brakke. Her holdt eg høgre/aust.
Kort etter tok eg mot aust på hogstveg. Her sto det nokre bikubar. Dette er i sørenden av Strengemyr, ved Strengebekkvaet om ein har detaljert kart.
Då hogstvegen dreide mot sør tenkte eg at det kunne vera like greit å bare sikta retning mot toppen og gå på. Det var ikkje sånn kjempelurt får ein sei. Det blei litt klyving i storsteina ur, og dte hadde vore raskare og enklare å fylgja hogstvegen som eg gjorde på returen. Fann ingen sti fram mot toppen, men det var greit å gå i lyng (...) og myr som var tørr då eg gjekk der i mai men som sikkert kan vera verre utpå sommaren.

Toppmarkeringa er så godt som fråverande.


Tilbake til Songdalen


 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset