Ny bruker
Logg inn
 
Kommunetopper (430)
Fylkestopper (19)
2000m (129/228)
Øytopper (400)
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
UZJglwlz
1 m
Kristiansand
Vest-Agder
Men været var supert!
(Skrevet av hansn 22.05.2012)

Tur foretatt: Mai 2012.

Kollegaen hadde fått med seg at eg skulle på toppsamling i helga. Han rekna vel med at det var Jotunheimen som var målet og såg noko spørjande ut då eg fortalte at det var Kristiansand og omkringliggande område. Finnest det toppar der? Tja, kommunetoppar finnes det jo overalt.

Den store toppfølelsen uteblei definitivt på Vehusknausen. Men hyggelige folk på garden kor eg parkerte, og ikkje minst eit strålande vær gjorde det heile fint. Og det gjorde jo ikkje noko å kunna gleda seg til middag og utepils i Kristiansand på kvelden.

Utgangspunkt: Kom nordover på riksvei 9, passerte Mosby og tok av til venstre mot Høietun. Så første til høgre (Espestølsveien) og fulgte til endes. Der sat det ein glad gjeng på trammen og ga lov til å parkera der. Med så mange gretne bønder som bruker mykje tid og energi på å henga opp skilt om privat veg og adgang forbudt er det deilig å møta slik velvilje. Gode råd om kor vi skulle gå fekk vi også. Det hadde vore fleire kommunetoppsamlarar der allereie i år fortalte dei.

Vegbeskrivelse: Gjekk grusvegen vidare innover, gjennom det gamle sagbruket, forbi myr med lite tjern på høgre sida og deretter inn på umerka sti på høgre sida. Denne starta der det var ein liten oppstillingsplass. Kort etter kom eg opp til den raude hytta som ligg idyllisk ved Bjorvann. Over deminingen bak hytta og bratt opp berget med stigen som no absolutt ikkje kan tjena formålet sitt lengre. Ikkje brattare og høgare enn at det går greit uten stigen men den hadde vore grei å ha på veg ned att. I og med den høge avsatsen like nedenfor så er det ikkje ein plass eg ville gått med små barn.

Over stigen forssvann stien for meg men det er ikkje nokon langtur dette så det var bare å sikta seg inn og klyva opp. Greit å finna berget med steinane på.

Eg fant ikkje den enklaste vegen opp trur eg så eg prøvde ein litt annan vei ned att. Så no veit eg kva to stader som ikkje er dei beste alternativa :-)

Når eg ein gang har kryssa av for alle 429 så vil nok ikkje Vehusknausen komma med blant dei som har gjort mest inntrykk. Men været var fantastisk, og då er alle toppar bra.


Tilbake til Kristiansand
 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset