Ny bruker
Logg inn
 
Kommunetopper (430)
Fylkestopper (19)
2000m (129/228)
Øytopper (400)
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
UZJglwlz
1 m
Skedsmo
Akershus
Grei tur til topp uten navn
(Skrevet av hansn 01.05.2012)

Tur foretatt: Mai 2012.

At kommunetoppen i Skedsmo ikkje er navngitt men bare omtalast som hytta som ligg like under toppen skrudde ikkje forventningane til himmels, og særleg høgt til værs kjem ein ikkje på turen heller, men turen var heilt grei.

Utgangspunkt: Parkerte like før Skårer gård i Faldalsveien, ca 4 km etter at eg tok av frå Fetveien (vei 22) like vest for brua over Glomma.

Vegbeskrivelse: Tok skogsvegen (grus) som går rett nordover frå oppsida av driftsbygningen på Skårer gård. Kom kort etter til bommen. Dei av kommunetoppsamlarane som synest det er stas å køyra bil lengre enn lov er (må jo bare konstatera at det dessverre er nokre av desse) kan nok boltra seg her sidan bommen var lukka men ikkje låst.
Men bilen var altså parkert så det blei å traska grusvegen til endes. Etter eit par kilometer deler vegen seg, her tok eg til høgre. I enden av vegen var det ei flott grillhytta/gapahuk som var open for fri bruk. Derfrå vidare på sti/traktorveg mot Ruserud.

Ved Kumyra var det stidele. Her fylgde eg stien mot høgre til Ruserud. Kortaset veg er imidlertid den venstre stien som går direkte opp til toppen. Denne stien kom eg ned på returen.
Ved Ruserud var det eit par hytter. Tok sti til venstre her, kryssa det vesle søkket og opp på myr og åpen skog på andre sida. Her var det skilt mot hytta men ikkje merka sti før eg var ganske nære hytta, då kom eg inn på blåmerka sti som førte heilt fram til hytta.

Litt utsikt var det også ved flaggstanga heilt på toppen. Men eg legg nok ikkje turen hit for å få den store oversikten over Skedsmo og nabokommunane :-)

Fulgte den blåmerka stien vidare nedover forbi Kumyra og kom inn stien/traktorvegen eg hadde fulgt oppover.

Ca 9 kilometer tur/retur.


Tilbake til Skedsmo
 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset