Ny bruker
Logg inn
 
Kommunetopper (430)
Fylkestopper (19)
2000m (129/228)
Øytopper (400)
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
UZJglwlz
1 m
Øvre Eiker
Buskerud
Vått i terrenget - men sol og supert utsyn
(Skrevet av bakken59 30.10.2011)

Tur foretatt: Oktober 2011.

På veg frå hytta stoppa vi denne gongen på Hokksund, og skjønt etter éin bom at vi skulle følgje skilt til Skotselv, og etter å ha kome til Burud, køyrde vi litt langt, skjønte ikkje at vi skulle ta av til skytebane og Myre. (Vi hadde altså ikkje kart med.) Men derifrå gjekk det greitt, vi køyrde til vi kom til skiltet med Rakkestadsetra, og rett før vi kom til slutten av vegen spurde vi ein elgjegar som sa at jo - dette blei riktig, men det er ein betre stig frå Midtstua. Vi hadde sett vegen ta av dit lenger nede i dalen ved ei bru. Men gjort var gjort, og vi følgde traktorvegen til den stansa, heldt mot venstre over bekk og myr, drog etter kvart opp ein mørk granli, og vel oppe trefte vi på blåmerkt stig - truleg den frå Mitdstua. Kom til Hoggtjern - nudeleg i låg ettermiddagsol. Følgde skilt på vestsida av vatnet, måtte klatre over ein hamar, der det heldigvis var ordna med stige og jernvaier å halde seg i. Så opp dalen mellom dei to toppane, og til slutt opp til høgre mot Myrehogget. Nesten oppe møtte vi tre karar frå Ringerike, som sa at dei kom frå Vestbysetra, dvs. nordifrå, og at det var ein betre veg. No ja, vi var heilt nøgde med ruta vår, reint bortsett frå at vi vassa i våt myr og mykje vatn og gjørme. Toppen var flott, låg sol på ein bar fin bergtopp med nokre furuer. Mot vest var det litt skyer, men vi hadde elles flott rundskue. Åt niste, men det blåste ganske surt, og vi gjekk raskt tilbake til bilen. Så heim til Oslo. Tom og Uncas var med.

Tilbake til Øvre Eiker








 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset