Ny bruker
Logg inn
 
Kommunetopper (430)
Fylkestopper (19)
2000m (129/228)
Øytopper (400)
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
UZJglwlz
1 m
Bamble
Telemark
To tiurar og eit bjørnehi
(Skrevet av hansn 30.10.2011)

Tur foretatt: Oktober 2011.

Denne toppen heiter nok Hørsfjellet, ikkje Horsfjell. Forsto at dette var viktig då eg spurde ei lokal dame om vegen :-) Det absolutte høgdepunktet på turen var då ein tiur letta like ved vegen. Såg at den ikkje flaug langt oppover vegen så håpa å sjå den igjen. Var heldig - ikkje lenge etter letta den igjen, denne gang med stor fart innover i skogen. Like etter letta ein til. Flott naturoppleving!

Utgangspunkt: Parkerte som dei fleste andre ved den vesle trafostasjonen på Heistad, like etter eit raudt skur med grøne dører. For å koma hit køyrde eg E18 sørover forbi Porsgrunn, over Brevikbrua og tok ikkje lenge etter av frå E18 og opp på vegen som faktisk heter Europaveien. Fulgte denne tilbake langs E18, forbi bensinstasjonen og så til venstre inn på veg 353 (ikkje inn i Høgenheitunnelen). Fantastiske fjellformasjonar her, nesten synd det ikkje er her kommunetoppen er. Så til venstre inn på veg 206 Høenveien. Fulgte denne til den ganske umerkeleg går over til veg 207 (206 tar av til venstre). Køyrde forbi Kjellemyrkilen som ligg heilt inntil vegen på venstre side, og parkerte ved trafostasjonen omlag ein halv kilometer etter. Ifylgje Gule Sider heiter det Bamle her. Åsen på venstre side av vegen ved trafostasjonen heiter Stuåsen.

Vegbeskrivelse: Gjekk 30-40 meter tilbake langs vegen, kryssa vegen og gjekk inn Heistadvegen som går heilt inntil fjøset. Fulgte denne oppover. To ganger tar det av veg til høgre, men heldt venstre begge stader.

Langs vegen var det mange oppslag om kulturminner. Skogsdrift har tydeleg vore viktig næringsveg her og mange av oppslaga var om dette. Men det var også oppslag om eit gammalt bjørnehi. Slikt bør sjølvsagt utforskast men planar om å besøka meir enn ein kommunetopp i dag gjorde at hiet ikkje blei besøkt.

Passerte Stormyrstua som var fint restaurert og også ei anna varmestove. Ved Puttane gjekk det ein veg ut til venstre men her holdt eg rett fram.

Der vegen sluttar går det blåmerka sti til høgre. Denne går raskt og effektivt opp til toppen på fin sti.

På toppen er det boks med bok på ei furu og på sjølve topp-punktet er det varde og trigpunkt.

I boksen låg det ei fin oversikt over kva ein kan sjå frå varden om været er på lag med ein; blant anna svenskekysten, Jomfruland, Hovdefjell (Åmli) og Urdnosi (Tokke&Bykle). Frå utsiktspunktet eit par hundre meter bak kan ein sjå både Jøronnatten og Gaustatoppen, og ellers frå toppområdet kan ein sjå både Slottsfjellet i Tønsberg og Tryvannstårnet i Oslo.

Turen tilbake gjekk same veg. GPS viste akkurat 9 km tur/retur.

GPS ved varden: 32 V 0529428 - 6540943


Tilbake til Bamble








 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset