Ny bruker
Logg inn
 
Kommunetopper (430)
Fylkestopper (19)
2000m (129/228)
Øytopper (400)
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
UZJglwlz
1 m
Hurdal
Akershus
Hausttur i klart kaldt vær
(Skrevet av bakken59 16.10.2011)

Tur foretatt: Oktober 2011. Andre på toppen: maritv

Hadde ærend på gardermoen og la dette til denne sundagen som hadde føott værmelding. Slik kombinerte vi med ny kommunetopp. Tom var motivert av at det var fylkestopp, har erklært at fylkestoppane blir han i alle fall med på - ikkje så farleg med dei 411 andre kommunetoppane. Køyrde langs Hurdalssjøen, masse tåke/alvedans i nordlige enden, men den køyrde vi gjennom og ut av etter å ha svingt av ved kjerka mot brandbu, og så Fjellsjøkampen/Gjødingseter. Berre ein annan bil på parkeringsplassen etter bommen klokka 1200. fann lett stigen og gjekk greitt opp på god og stort sett tørr stig. Markert for høgdemeter både på 600 og 700. Ein stad mellom 600 og 700 såg vi den første snøen som må ha lege sidan sist helg. Uventa. ved varden var det flott utsyn, og hundeglam frå elgjakt frå skogane under oss. Gjekk forbi tomta etter brannvakthytta og fann det fine nye tårnet på høgaste punkt. Morosamt med peilskivene på toppen. Heilt klar dag, men ikkje slik at vi kunne sjå til Jotunheimen eller Gaustatoppen. Vi gjekk tilbake til varden og åt niste i lyngen der. Vi brukte ein time opp, og mindre ned, og ein dryg halvtime i lyngen. Tom, Marit og Uncas var med.

Tilbake til Hurdal




 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset