Ny bruker
Logg inn
 
Kommunetopper (430)
Fylkestopper (19)
2000m (129/228)
Øytopper (400)
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
UZJglwlz
1 m

Telemark
Tur i grisevær med Turistforeninga
(Skrevet av bakken59 18.09.2011)

Tur foretatt: September 2011.

Møtte Skien og Telemark turistforening med turleiar ved kommunehuset i Bø klokka 0900. Vi var sju optimistiske turfolk som køyrde bomvegen inn i Limarka til Røksbu. Derifrå gjekk vi til Smylistul, opp lia ganske bratt til langetjønn, så opp langs bekken til Åstul, og deretter over bekken og opp til toppen. Vi møtte tåka og ganske sterk vind etter Åstul. Regn hadde vi heile tida. Vi kom opp frå susida, men gjekk ned austsida, og kom til vatna Småholmen og Holmen (rare namn på tjønnar). Turleiar hadde nøkkel til Fiskarlaget si hytte, og det var bra, for vi var kalde og relativt gjennomvåte sjølv i goretex. Det blei fyra opp, og vi tørka klær, åt matpakker og alt anna godt vi hadde med oss, og blei betre kjende. Fin gruppe dette. Nedturen var betre. Nesten ikkje regn, men meir vind, og turen ned Valjuvet var spektakulær. Må tilbake hit i godt sommarvær. For nokre fine badekulpar! Kom over ein daud sau i Røynelian. Ned til Smylistul att, og så til bilen. Brukte nesten 7 timar på heile ekspedisjonen, men det var inkludert 1,5 time i hytta ved Holmen, og mange fine stopp med kulturhistorisk informasjon frå turleiar. Jon, Gunleiv, Olav, Anne Cathrine, Marit og Anne var med. + Uncas så klart.

Tilbake til Bø
 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset