Ny bruker
Logg inn
 
Kommunetopper (430)
Fylkestopper (19)
2000m (129/228)
Øytopper (400)
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
UZJglwlz
1 m
Lindesnes
Vest-Agder
Hytta bak skog og bak fjell,der gror der kantarell
(Skrevet av Anders 15.09.2011)

Tur foretatt: August 2011.

Bronehei , 372 moh
Lindesnes kommune, Vest-Agder

31.08.2011
Starta som andre frå Veste Støle. Fulgte bilsti innover og dro opp på høgdedraget. Der gjekk eg på den sagnomsuste ”Folkestien” som tok ein vandrar til høgste punkt i sørliggande Lindesnes. Valsa bort om høgste punkt på Bronehei, knips eit par skot av varde og steingjerde og satt kursen ned att mot bilen.
Vurderte eit bad i kulpen på veg ned, men feiga ut. Pitla i staden kantarell til den store gullmedaljen til mauren hadde spist store deler av fettreservane mine. Sol og fint ver.
Tid: 30 minutt opp + 60 minutt ned (inkludert mykje kantarellfangst).
Dagens dyr: Elg (Endelig fekk eg stadfesta at dette ikkje er eit fabeldyr. Det går altså 124 toppar på 1 elg!)

Turtips! ”Folkestien” er ein runde som kan verte nytta. Er du her om sommaren bør eit bad vere inkludert.


Tilbake til Lindesnes






 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset