Ny bruker
Logg inn
 
Kommunetopper (430)
Fylkestopper (19)
2000m (129/228)
Øytopper (400)
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
UZJglwlz
1 m
Ullensaker
Akershus
Been there, done that - next!
(Skrevet av hansn 04.09.2011)

Tur foretatt: September 2011.

Ein del ting kan lika gjerna forbigåast i stillhet. Toppen i Ullensaker, som sågar tyder på å vera namnlaus, er i denne kategorien. Ikkje får ein noko følelse av å vera på ein topp (det er ein jo knapt nok heller, litt avhengig av kor liten primærfaktor ein krev), og ikkje er det noko særleg til turterreng. Skjønt, det sista kan eg kun vurdera basert på denne korte turen som ikkje frista til noko gjentaking.

Utgangspunkt: Kom frå Oslo langs E6, tok av på vei 179 til Nordkisa. Kjørte gjennom Nordkisa og tok av til venstre mot Dal på veg 458. Etter ca 3 km tok eg av på grusveg til høgre på Kopperud. Fulgte grusveg inn til brun hytta (på høgre side) praktisk talt i enden av vegen.

Vegbeskrivelse:Fulgte grusvegen videre til fots forbi hytta. Vegen blir fort til skogsveg og etterkvart ein svært igjengrodd sådann. Vegen går over/langs eit hogstfelt. Grøn merking (band) her og der. Fann ikkje grøne band eller sti bort til topp-punktet men drog i meir eller mindre rett linje gjennom krattet frå "vegen". Fann den vesle topp-markeringa greit. Nokre små steinar på ein litt større stein/knaus. Hestaskoen var der fortsatt og fjerna eventuell tvil om rett orientering.

Ved varden gjekk ein utydeleg sti som muligens går til Haveråsen? Den såg ikkje ut til å gå i retning tilbake mot bilen. Tøff i trynet sikta eg kompassnåla direkte mot bilen men innsåg fort at det jammen var tettare og meir stikkande kratt her enn det som behageleg var. Fann derfor tilbake til den gjennomvåte skogsvegen og fulgte den tilbake til bilen.

På skrytekveld med andre toppsamlarar så er det neppe toppen i Ullensaker du drar fram blant dine topp 5. Eller topp 200... :-) Men, kommunetopp er det no uansett.

GPS-koordinater parkering (ved brun hytte): 32V 0624659-6679137
GPS-koordinater på toppen: 32V 0624457-6679713


Tilbake til Ullensaker
 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset