Ny bruker
Logg inn
 
Kommunetopper (430)
Fylkestopper (19)
2000m (129/228)
Øytopper (400)
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
UZJglwlz
1 m
Sandefjord
Vestfold
Fin trimtopp
(Skrevet av hansn 03.09.2011)

Tur foretatt: August 2011.

Ein får vurdera toppane etter kva dei kan vera - denne er jo ikkje akkurat ein imponerande fjelltopp men bør absolutt vera eit fint mål for ein søndagstur med ungane. Toppen gir i alle fall litt utsikt, og vegen opp går gjennom flott skog.

Utgangspunkt:
Tok av fra E18 i Fokserødkrysset, sørover på 280 Raveien, til venstre inn på Bottenveien og til venstre igjen inn i Lindemveien. Køyrde til eg kom til innmark/jorde på høgre side, snudde og parkerte på første p-plass på venstre side (samme side som toppen og jordet).

Vegbeskrivelse:
Gjekk litt tilbake mot jordet og tok så av på skogsveg/sti inn i skogen. Flott og åpen lauvskog med store mengder lauv på bakken - kunne ikkje dy meg for å gå litt bananas i lauvet og vera liten frydefull gut igjen for ei stakka stund.

Nære toppen går ein langs ein tydeleg forkastning i landskapet og så bratt opp i eit lite skard. Her var det også lagt ut tau.

GPS ved dei gamle jernboltene på topp-punktet: 32 v 0570123 - 6558924. Dette er det høgaste punktet. Masta og orienteringsmerket ved GPS 32 v 6558955 - 0570126 er litt lavare men er nok det normale turmålet.


Tilbake til Sandefjord








 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset