Ny bruker
Logg inn
 
Kommunetopper (430)
Fylkestopper (19)
2000m (129/228)
Øytopper (400)
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
UZJglwlz
1 m
Fredrikstad
Østfold
Ein tysk utkikkspost midt i skogen
(Skrevet av hansn 30.08.2011)

Tur foretatt: August 2011.

Ein av Østfoldstoppane som det ikkje er så mykje meir å sei om enn at ein må ha den med om ein skal få kommunesamlinga komplett.

Utgangspunkt: Parkerte på parkerlngsplassen mellom Lilleng Naturbarnehage (Lillengveien 12) og ridesenteret.

Vegbeskrivelse: Gjekk hundre meter tilbake langs vegen og tok opp sideveien (det er vel strengt tatt Lillengveien som går opp her). Raskt etter inn på flott opparbeida rideveg (skiløype her på vinteren kanskje?). Kartet viste det ikkje, men dette viste seg å vera ei rundløype. Valgte å gå med klokka.

Omlag der rundløypa runder på sitt høgaste tok eg GPS-kurs rett ut i skogen (toppen ligg på utsida av rundløypa). På topp-punktet er det gamle betongfundament og eit skilt som fortel at her sto det eit tysk utkikkstårn under krigen.

Frå toppen var det både sti og spor etter traktor som gjekk tilbake til rideløypa.

Raskt gjort. Heilt greit skogsområde med hogstflater. Sikkert fint å vera både hest og elg her. Ingen høydare men heilt greit.

GPS ved toppen: 32V 0603561 - 6566515


Tilbake til Fredrikstad


 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset