Ny bruker
Logg inn
 
Kommunetopper (430)
Fylkestopper (19)
2000m (129/228)
Øytopper (400)
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
UZJglwlz
1 m
Gol
Buskerud
Panorama!
(Skrevet av hansn 04.08.2011)

Tur foretatt: August 2011.

Hadde kanskje ikkje den heilt store forventninga til toppen i Gol - men hihaaaa, dette var vel verdt biltur eins ærend frå Asker!

Utgangspunkt: Kortast tur får ein utvilsomt frå Nystølsætra like sørøst for toppen. Derfrå er det bare ein rask liten tur opp skråninga til varden. Sjølv starta eg frå Vardhovd på nordsida av fjellet. Køyrde opp veg 51 frå Gol og tok til høgre på grusveg nokre kilometer før Sanderstølen. Hyggjeleg bonde sa at det var heilt ok å parkere på den vesle p-plassen før sætra.

Vegbeskrivelse: Fulgte skogsvegen vidare frå parkeringa forbi sætra og oppover. Vegen går raskt over i dårlegare skogsveg og snart sti. Sparsommeleg med merking men her er det bare å følgje den tydelegaste stien oppover. Raskt er ein over småskogen og får flott utsikt nordover mot både vide flate fjellområder og flotte toppar som blant anna den 1900 meter høge Ranastongi.

Stien held mot sør/søraust. Ein passerer Raudskridnibbi på si venstre sida, og litt seinare Langtjern også på si venstre sida. Noko vått herfrå og bort til Hestadalen. Så er det bare den siste stigninga opp til toppen med varde. Her ser ein rett ned på Nystølsætra og har forøvrig eit fantastisk panorama i alle retningar. Sørover er det Hallingnatten, Gråfjell og Norefjellsområdet, Vassfaret, Hallingdal, Blåfjell... Nydelig!

GPS ved topp-varden: 32 v 0511678 - 6735560
GPS ved parkeringen: 32 v 0508946 - 6738345


Tilbake til Gol








 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset