Ny bruker
Logg inn
 
Kommunetopper (430)
Fylkestopper (19)
2000m (129/228)
Øytopper (400)
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
UZJglwlz
1 m
Tysvær
Rogaland
For ein fantastisk topp!
(Skrevet av hansn 18.07.2011)

Tur foretatt: Juli 2011.

Utgangspunkt: Kjørte frå Skjoldastraumen sørover langs 515. Parkerte like etter skilt om Sandvik Camping. Stor parkeringsplass på venstre sida. Her var det anleggsområde (vannkraftverk i Bordalen), men god plass til parkering.

Vegbeskrivelse: La saman med mi kjære mor i veg oppover anleggsvegen som var akkurat lika stygg som anleggsvegar brukar å vera i eit nydeleg naturområde. Møtte to hyggjelege arbeidarar som informerte om at det skulle sprengast i løpet av dagen, men dei forsikra om at ferdsel var heilt trygt så lenge vi fulgte vegen. På veg ned var det sprengt men ikkje rydda her så då blei det nesten litt buldring for å komme forbi.

Anleggsvegen vart avløyst av flott merka sti oppover skogen i dalen og etterkvart i flott terreng over sva og myr ettersom vegetasjonen vart tynnare (tregrensa går lavt her). Her er både merker og mange små vardar så det var svært enkelt å finna fram.

Etterkvart som ein kjem innover openbarar toppen seg opp til venstre. Eg forventa strålande utsikt siden det var ein fantastisk sommerdag og det ikkje er tett med høgare toppar i området. Men makan til utsyn som åpenbarte seg frå toppen er vanskeleg å beskriva. Her er det 360-utsikt med fantastisk skue i alle retningar. Heimfølelsen til Kvinnherad der eg vaks opp er fortsatt sterk 20 år etter at jeg flytta derfrå, så det var ekstra gledeleg å sjå toppar som eg kjenner derfrå stikka seg opp langt mot nordaust. "No ser eg atter slike fjell og dalar..".

På veg ned møtte vi ein gjeng som var på veg oppover med planar om å fotografera solnedgangen. Kanskje det var toppsamlar Smellville som eg ser var der samme dag?

Omtrent 5 timar seinare (roleg gange) var vi tilbake i bilen etter ein tur som kan anbefalast på det sterkaste! Denne toppen henviser svært mange toppar to og tre ganger så høge til reservebenken når det kjem til utsikt. Be there!

GPS-koordinater på toppen: 0314133-6587369


Tilbake til Tysvær








 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset