Ny bruker
Logg inn
 
Kommunetopper (430)
Fylkestopper (19)
2000m (129/228)
Øytopper (400)
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
UZJglwlz
1 m
Kongsberg
Buskerud
Tivolifjellet
(Skrevet av hansn 09.07.2011)

Tur foretatt: August 2007.

Første gang jentungen var med opp hit satt ho i bæremeis og var særdeles positiv heile vegen opp. Det fekk si forklaring på toppen då ho skuffa måtte konstatere at det ikkje var tivoli der. Ho hadde forestilt seg at den høge masta var en slags karusell eller noko. Etter det har vi bare omtalt Jonsknuten som Tivolifjellet. Men sjølv om det ikkje er tivoli her så er det fleire andre gode grunnar til å ta turen; flott turterreng og fleksibilitet til å gjera turen kort eller lang (stiar bl.a fra Kongsberg, Jondalen og Knutehytta (den korte barnevennlige varianten), god fjellfølelse, god utsikt, langt meir enn gjennomsnittleg hyggjelig skistove/kafeteria (Knutehytta, åpen heile året) og flotte kulturminner med dei imponerande damanlegga.

Utgangspunkt: Har gått her med ungane eit par ganger, då har vi parkert ved Knutehytta. Ellers flott å gå frå Jondalen.

Vegbeskrivelse: Frå Knutehytta er det fin blåmerka sti frå parkeringsplassen (på venstre sida). Nokre våte parti, så sjølv om det er lagt ut plankar/bruer så er det greit med sko som tåler litt fukt.

Stien passerer Jonstjern (du får tjernet på di venstre side). Det tar av to stiar oppover til høgre mot Jonsknuten. Har gått begge - synest den andre er finast. Ganske bratt men heilt trygg og ikkje noko "klatring". Den tar av der det er ein fin liten varde på venstre sida av stien (like etter skilting med skilt mot blant anna Bolkesjø). Stien opp kan eg ikkje huska om er merka men den er lett å sjå og følgeregelen er grei: opp opp opp!

Særleg meir solid toppmarkering enn det Jonsknuten byr på er vanskelig å finna - 92 meters mast.. Ein flott varde er det her også, om enn ikkje på sjølve topp-punktet, men denne forsvinn liksom litt ved sida av den enorme betongmasta.

Jonsknuten byr på flott utsikt i alle retningar.

Då vi var der sist gang (september 2011, både jentungen og gutungen var med) var det første dag i jaktsesongen på rypa og skogsfugl. Vi får for bestandens del håpa at jegarane var lite treffsikre for det var ikkje akkurat langt mellom smella og i periodar høyrdes det meir ut som om det var ein lokal variant av landsskytarstevnet.


Tilbake til Kongsberg










 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset