Ny bruker
Logg inn
 
Kommunetopper (430)
Fylkestopper (19)
2000m (129/228)
Øytopper (400)
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
UZJglwlz
1 m
Askim
Østfold
Vardåsen er verdt ein ettermiddagstur
(Skrevet av hansn 08.07.2011)

Tur foretatt: Juli 2011.

Flott stad å legga søndagsturen, gjerna med barn - her er det lettgått og ein verkeleg høgdare når ein kjem fram med det høga solida tårnet som gir vid utsikt. Dessverre var ikkje hytta open då eg var der, ein god vaffel hadde smakt, istaden vart det pizza nede i "byn".

Utgangspunkt: Eg har lagt merke til at ein del toppsamlarar her på wwv er ivrige på å kjøra så nær toppen som det lar seg gjera. Vel, det lar seg gjera å køyra fram til hytta og parkera ulovleg der, men eg valgte å vera lovlydig og parkerte på merka parkeringsplass nede i Lierveien. Dermed fekk eg med meg den flotte stien opp til hytta (merka med skilt på høgre sida av vegen opp mot hytta der vegen går inn i skogen). Deilig skogsbotn å gå på her. Etterkvart blankslipt berg.

Forbi Skansehytta på venstre sida og vidare til tårnet på godt merka sti. I toppen av tårnet er det flott og vid utsikt. Dessverre er kartet i tårnet øydelagt - det kunne sjå ut som om nokre vandalar har hatt for lite å gjera og tatt turen opp hit for å øydelegga kartet med lighter. Det må gi ei voldsom gleda å tøffa seg slik.. Litt forbi tårnet finn ein betongfundamenta frå det gamla tårnet, og like bortanfor er trigpunktet.

Populært turområde dette tydelegvis. Møtte ein heil del trimmarar, ikkje vanskeleg å forstå at trimturen blir lagt opp hit i staden for langs asfaltert veg. Kjem gjerna tilnbake hit.

Bilturen til Askim vart ellers berika med å få sjå ein våk som sat på ein strømledning langs vegen og overvåka alt som bevega seg i kornåkeren under. Imponerende fugl!


Tilbake til Askim










 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset