Ny bruker
Logg inn
 
Kommunetopper (430)
Fylkestopper (19)
2000m (129/228)
Øytopper (400)
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
UZJglwlz
1 m
Strand
Rogaland
Horn og kube, men ikkje ned stupet!
(Skrevet av Anders 28.06.2011)

Tur foretatt: Juni 2011.

Heiahornet, 774 moh
Strand kommune, Rogaland

15.06.2011
Var litt sliten så bytta ein lenger køyretur frå Stavanger med denne koseturen til Strand kommune og Heiahornet. Naboen til Preikestolen vart som forventa fri for turistar tross spektakulære horn og kubar (som Rubics kube)…
Eg køyre som andre til Jørpeland og til vestenden av vatnet i enden av vegen. Her var det vegarbeid, men dei hadde laga ein fin alternativ sti rundt arbeidsområdet. Kom så til eng og skiløype og følgde den til avstikkar mot Heiahornet. God merka, ingen problem å finne fram og toppen ser ein jo stort sett heile vegen. Litt fotografering, men elles bra tempo gjorde tida opp til 63 minutt. Fin sti og formidabel utsikt frå toppen. Rusla litt sørover frå toppunktet og satt meg ned med beina over henget som stoppa langt der nede. Anbefalt rasteplass.
Var higen på Småsildhornet, så starta ned retning sør att utan å finne ein god sti ned att. Samstundes ringte telefonen så eg selde Yarisen min og klarte å fote meg ned til skaret mellom toppane. Var litt i beit for tid så drog ned skaret ved Småsildhornet for å spare litt tid. Her var det ein fantastisk kube eller bolt som hang i steinstupa. Vell verdt ein titt! Eg vart så satt ut av det flotte synet at ruta gjekk rett ned steinrøysa sørover mot dalen utan å ha kontroll på om det var så lurt. Vil i etterkant påstå dette er eit veival for spesielle interessentar av krevjande steinur. Denne var ikkje gratis. Trefte på eit svart pelsdyr av litt storleik, men det gjekk så fort at eg ikkje fekk avklart om det var ein mørkmink, sotrev eller spøkelseskladd.
Kom ned etter litt styr og kom inn på den merka stien som truleg går ned på austsida av heile Småsild – massivet. Hald fin fart på god sti nedover lia og kom etter kvart ned til stikrysset der ein tok av mot Heiahornet. Hadde ikkje tid til det, men måtte berre bade i vatnet ved skiløypa. Iskaldt :/

Tid: 1 time opp + 20 minutt på toppen + 1,25 time ned
Distanse: 8-10 km

Turtips! Ta dette som ein rundttur med vitjing til Småsildbolten, men hugs å følgje merka sti ned att RUNDT Småsildhornet og ikkje rett ned ura.


Tilbake til Strand




 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset