Ny bruker
Logg inn
 
Kommunetopper (430)
Fylkestopper (19)
2000m (129/228)
Øytopper (400)
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
UZJglwlz
1 m
Kviteseid
Telemark
Tom for strøm...
(Skrevet av Håkon L 15.06.2011)

Tur foretatt: Juni 2011.

Den 12.6 hadde eg planlagt ein tur til både Kvitseids og Nissedal sine høgaste toppar og starta med friskt mot. Kjørte først frå Åmdals Verk og ned mot Hauggrend, tok av mot Foldsæ og fulgte skilt mot Roan. Parkera så med stien opp til Roan, men gjekk etter skiltet mot Kvæven. Kom etterhvert til hyttene her, før eg så fulgte GPS'en i rett retning mot Sveinsheia, gjennom myerer å buskar og kratt, men då eg nesten var på toppen, gjekk eg ned igjen fordi GPS'en visa at det var eit punkt lengre bort som var Sveinsheia, etter ein 10 minuttars gange såg eg tilbake der eg hadde vært og såg varden, da var det bare å ta den samme vegen tilbake og opp på toppen. Like før toppen gjekk GPS'en tom for strøm og eg måtte bare gje opp Nissedal sin topp. Urutinert å ikkje ha med ekstra batteri eller sjekk før ein reiser, men det var likevel ein fin tur. Bruka ca. 4 timar påheile turen og ca 15 km. På grunn av litt frustrasjon og bitterhet for at eg ikkje fekk to toppar, bestemte eg meg for å ta ein omveg tilbake til Hovden og tok med meg Nome's Knarren.

Tilbake til Kviteseid
 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset