Ny bruker
Logg inn
 
Kommunetopper (430)
Fylkestopper (19)
2000m (129/228)
Øytopper (400)
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
UZJglwlz
1 m
Notodden
Telemark
Alternativ bratt ruta via Bletoppen
(Skrevet av hansn 13.06.2011)

Tur foretatt: Mai 2009.

Etter å ha lest litt rundt om på ulike fjellsider på nettet fant eg ei alternativ, brattare ruta via Bletoppen opp fra Sandvatn.

Utgangspunkt. Kom fra Kongsbergsida og fulgte v 364. Parkerte ved avkjøring til hyttefelt nokre hundre meter før Sandsvatn (før den flotte gamle steinbrua).

Vegbeskrivelse: Fulgte grusvegen oppover i hyttefeltet. Så mange hytter var det eigentleg ikkje å sjå, ikkje hyttetettheit som ved dei store alpinanlegga her heldigvis. I første "store kryss" holdt eg rett frem (venstre), og i krysset deretter holdt jeg opp til høgre. Ellers rett frem til mindre sti tok av til høgre (ikkje heilt lett å sjå kor stien tok av men det var gamle spor etter traktor/hogstmaskin). Denne stien var dels utydeleg men kombinasjonen av å sjå etter raudmaling på trær og gamle fotspor på bakken tok meg oppover. Noko vått før eg kom meir opp i høgda. Som opprinnelig vestlending fekk eg nesten heimlengsel av dei bratte stigningane.

Oppe på kanten var det bare eit kort stykke opp mot høgre før eg var på Store Ble. Eg hadde ikkje gjort nok research men bare antatt at dette var toppen i Notodden siden det er høgaste topp på Blefjell. Etter å ha rasta her og kost meg over ein kommunetopp innsåg eg etter å ha studert litt på kartet at eg sat i feil kommune!! Det blei derfor ein tur bort på Notoddens høgaste, Bledalsrinden, før returen gjekk ned samme vei.


Tilbake til Notodden
 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset