Ny bruker
Logg inn
 
Kommunetopper (430)
Fylkestopper (19)
2000m (129/228)
Øytopper (400)
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
UZJglwlz
1 m
Oppegård
Akershus
Synd turen ikkje er lengre!
(Skrevet av hansn 13.06.2011)

Tur foretatt: Mai 2011.

Tårnåsen kunne vore ein heilt super tur på ein søndag kor ein bare vil rusla lett avgarde og ikkje treng dei store topputfordringane - men turen til Tårnåsen er rett og slett for kort til eigentleg å bli nokon tur i det heile tatt.

Utgangspunkt: Parkerte i Gjallarveien, parkeringsplass på høgre side etter at ein har passert barnehagen.

Vegbeskrivelse: Frå parkeringa gjekk eg mellom skulen og barnehagen, og tok til høgre etter skulen (ved ballbinge, men her var det byggearbeid så eg antar at det kan endra seg litt).
Kom rett inn på ein turveg som går like bak skulen. Her tok eg til høgre nokre titalls meter før kursen gjekk til venstre rett opp på åsen. Oppe på høgda var det flott turtereng dei få hunde metrane opp til "toppen". Som fleire andre har beskreve så stig terrenget vidare oppover men då er ein i Oslo kommune.

Interessante informasjonsskilt rundt toppen, blant anna med beskrivelse av korleis brannvakta her oppe i eldre tider måtte springa ned til næraste gard for å varsle ved brann. Han var nok glad åsen ikkje er høgare, men i dette flotte terrenget kunne eg gjerne blitt med lengre.

30 minuttar inkludert kunnskapservervelse frå informasjonsskilta og hyggjeleg prat med ein eldre kar som syntest at det å samla på kommunetopper var noko av det artigaste og sprøaste han hadde høyrt om.


Tilbake til Oppegård
 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset