Ny bruker
Logg inn
 
Kommunetopper (430)
Fylkestopper (19)
2000m (129/228)
Øytopper (400)
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
Ramndalshaug
70 m
Smøla
Møre og Romsdal
Vilt dyreliv og menneske i tarveleg sameksistens.
(Skrevet av Anders 10.06.2011)

Tur foretatt: Juni 2011.

07.06.11
Rammdalshaug (På Kuli), 70 moh. – Smøla kommune, Møre og Romsdal
Grunna ugunstig vær vart det tur til Smøla i staden for høgare toppar denne ettermiddagen. Kom frå Kristiansund og fergjene korresponderte bra med kvarandre, hugs å kontroller dette båe vegar. Valte å følgje tipset til Petter å sette bilen på ferjekaia i Sandvika. Det var ingen problem å sjarmere dei innfødde med skarre-r og striladialekt så fekk haik til øya Kuli der turen starta.
Eg hadde ikkje lest meg opp på grav-aktiviteten frå heidensk og nyare tid her ute, men gjekk på “funn-etter-funn” bort grusvegen mot garden. Var fokusert på å ta av korrekt kryss for å komme ned til starten av stien langs sørsida av øya og med bildet av kart via telefonen gjekk det heilt greitt. Sjå bildet. Vart møtt på den nedlagte garden av eit utal sauar, kanadagjæser og ikkje minst kyr. Av mob sine erfaringar og dårlig kunnskap sjølv om ulikskapen på kviger og stutapåsar, valde eg å følgje leie litt oppe i skogen i staden for stien som gjekk midt gjennom dyrebelte. Her kom bøndenes utuktige åtferd i naturen fram; Det var piggtråd og skrot og kadaver over alt. Sauar sprang rundt som skremte spøkelse då ullen deira hang i lange remser langs kroppen. Opplevde mange slike urovekkande episodar langs vegen til det einsame huset sør for Buskardhaugen, eit underleg samspel av vilt dyreliv og menneske i tarveleg sameksistens.
Frå huset ved Buskardhaugen dro eg 100 meter vestover og så skråna opp lia til Rammdalshaugen. Det var ulent og bananasterreng her og 70 høgdemeter har sjeldan tatt så lang tid. Gjekk på ei småartig lita berghylle ca. 100 meter søraust for toppen. Men kom opp og drog opp ein Troika med “trippel nytelse” – eg formodar at Nidar sikta til ny kommunetopp, utsikt mot noko som likna på ein havørn og sjokoladen i seg sjølv. Prøvde eit meir direkte sørvendt alternativ ned att til huset, men det vart like rotete og ankelvridande.
Vell nede var det å labbe attende, konstatere att alle kyrne var bort vekk som sola for skydekket, krysse direkte attende til garden ved start av stien, ta eit bilete av Kulisteinen, jogge over brua og rekke fergja attende til bilen med 2 minuttars margin (som alle andre).
Ps. Vurderte å melde bonden til dyrevernnemda, men trefte eit par som truleg var bondekona og dottera og dei var riktig hyggelege. I tillegg skulle dei ut og hjelpe ei kvige med å multiplisere seg så ståa var kanskje ikkje så gale som ein bygut ville ha det til…
Turtips! Kanskje det er betre å ligge på nordsida av høgdedraga? Dvs. følgje grusvegen til endes, dra i nordvestleg retning for så å kruse vestover mot toppunktet. Kan i vert fall prøvast utan å tape mykje tid.

Tid: 50 min gange opp + 10 min Troika rundt toppkollen, 1 time ned inkludert gange til ferga på Edøy.
Distanse: 6-8 km
Stigning totalt: ca. 120 høgdemeter (like mykje på brua til Edøy ;)


Tilbake til Smøla




 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset