Ny bruker
Logg inn
 
Kommunetopper (430)
Fylkestopper (19)
2000m (129/228)
Øytopper (400)
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
UZJglwlz
1 m

Telemark
Kjempe dag!
(Skrevet av Håkon L 04.06.2011)

Tur foretatt: Juni 2011.

Etter ein dag fri fra toppen ville eg igjen på tur, sidan dette også var den finaste dagen så langt i år passa det med ein tur. Toppen var Jøronnatten og eg starta litt seint heimanfra, men kom meg av garde. Kjørte frå Seljord og mot Bø, tok av rett etter den brua ved det kvite huset. Kjørte så denne vegen eit godt stykke, det var først asfalt, men så blei det grus. Kom så til bommen ved Myklestaul og parakera her. Etter eit lite stykke på vegen såg eg skilting mot Jøronnatten og fulgte raudmerka sti eit godt stykke opp til ein bekk. Herfra forsvant merkinga for meg, men har ein liten anelse om at eg skulle ha gått over bekken, men eg fortsatte bare rett opp, det var greit og gå der og etter ca 2 timar stod eg på toppen. Etter litt mat og bilder på toppen bar det ned igjen. Bruka ca 3:55 på turen emd pauser der 3:15 var gåtid. Lengda var ca. 12 km.

Tilbake til Bø
 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset