Ny bruker
Logg inn
 
Kommunetopper (430)
Fylkestopper (19)
2000m (129/228)
Øytopper (400)
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
UZJglwlz
1 m
Nittedal
Akershus
Rolig langkøyring og litt leiting rundt toppen
(Skrevet av Anders 29.05.2011)

Tur foretatt: Mai 2011.

28.05.11
Blekketjernshøgda, 613 moh. – Nittedal kommune, Akershus
Fekk melding om at mine tenester rundt festtilstelling ikkje var naudsynt og i tillegg bilnøkkel i handa, så då var det berre ein ting å gjere; WWV.no, distansesjekk til dei næraste toppane, joggeskoa i bagen og komme seg av garde. Brukte 45 minutt frå Oslo til Nittedal og parkerte ved motorcrossbanen der det var full rulle. Vart litt skuffa av dette då dyra nok vel å halde seg langt vekke frå slik lydforureining (lyden bar godt til skogs). Etter 111 kommunetoppar utan å ha sett elg undrar eg nemlig på om dette er eit fabeldyr på linje med einhjørningen…
Vurdere å starte frå Harestua, men då ankelen har vore vond og vanskelig i det siste var ein laaang grusveg oppover svært attråverdig. Så starta langs vegen og kom opp til høgste punkt etter ca. 35 minutt. Haldt fram rundt Nedre blekketjern og til austgåande 90-gradersving som var nærmare toppunktet og betre eigna for joggesko (mindre myr). Brukte kompasset i Iphone’n, men bomma litt på toppunktet. Måtte sokne ein 5 minutt og gå litt lenger nordover, men fann steinhaugen til sist. Knipsa bilde og tok eit søraust - gåande tråkk ned til grusvegen att. Gjekk på eit tre som alle skogens skapningar brukte til å klø seg på. Det var fritt for bark og svært spesielt i skogen. Så eg la ryggen inn mot barken, ulte mot oven og la så sporet ned att til bilen.
Ein fin treningstur, men naturopplevinga og utsikta var avgrensa.

Tid: 40min jogging + 15 vasing rundt toppkollen, 30 min ned jogging.
Distanse: 6-8 km
Stigning totalt: ca. 450 høgdemeter


Tilbake til Nittedal




 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset