Ny bruker
Logg inn
 
Kommunetopper (430)
Fylkestopper (19)
2000m (129/228)
Øytopper (400)
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
Hjelmen
978 m
Halsa
Møre og Romsdal
Ikkje noko sludder her, berre rett opp!
(Skrevet av Anders 28.05.2011)

Tur foretatt: Mai 2011.

26.05.11
Hjelmen, 978 moh. – Halsa kommune, Møre og Romsdal

Det var ønskje om godver når sjølvaste Hjelmen i Halsa kommune skulle erobrast. 1000 høgdemeter rett opp med utsyn til både det eine og andre i riktig ver. Det såg fint ut når eg tok av frå riksveg 65, ein såg heilt til Hjelmens tak. Grusvegen var fin så bilen klarte seg ok oppover. Parkerte ved kryss der T-merkinga gjekk over i traktorsti.
Det regna litt så plukka dei gode fjellskoa og traska oppover ein godt merka sti. Merkaren må ha vore sprengkåt som ein ser av bilete vedlagt… Artige skilt og jamn trasking forbi “litjfjellet” og “litjhjelmen”. Sjølve toppmassivet ser voldsomt steilt ut, men det går greitt å komme seg opp. Det var ein del tåke no rundt toppen så måtte innføre regel om “ingen stiviking” <-- refererar ikkje til ein forhistorisk slektining med hjelm og som et flugesopp. Kom opp til toppborgen og skreiv meg i boka funne blant steinane. Som o-løpar må ein reagere på Halsa O-lag hadde valt å plassere ein tur-o post på toppen av det høgste fjellet i kommunen! Ikkje mykje orientering for å finne fram her…
Dog tok denne vandraren ut kompasskurs med jamne intervall for å trygge ei fin ferd ned att. Det er bratt på alle sider, men god merking og sti gjorde jobben enkel. Fekk ein del vakre åsyn nedover, men trur nok det er meir å by på her i godver. Uansett ein av dei litt spektakulære kommunetoppane som no heng i beltet, tjora med båe horna ;)

Tid: 1t 20 min opp (jamn gange), 1 time ned. 10 min sirkling og fotografering på toppunktet.
Distanse: ?
Stigning totalt: ca. 800 høgdemeter


Tilbake til Halsa




 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset