Ny bruker
Logg inn
 
Kommunetopper (430)
Fylkestopper (19)
2000m (129/228)
Øytopper (400)
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
Befjell
658 m
Froland
Aust-Agder
Froland - Eit bedagelig møte med kvardagen
(Skrevet av Anders 13.05.2011)

Tur foretatt: Mai 2011.

12.05.11
Befjell, 658 moh. – Froland kommune

Det var tydleg at dei ikkje brukte sin beste merkemann i Froland Turlag til å markere vegen til kommunetoppen. Fargen på merkinga var nemlig ein slags rustraud sak som spesielt på furutrær ikkje gjorde seg gjeldande. Når malinga også var smurt utover rennande og tilfeldig vart det eit makabert syn oppover lia.
Elles var dette ein fin vårtur frå hyttefeltet med fuglekvitter og lemenhuler i graset. Litt usikker i nokre parti på veg opp, men kart og kompass trygga ei god framferd. Passert eit jakttelt/koie på ei myr nesten halvvegs og fortsatte mot Austre Befjellskardet utan store problem. Fann her Froland sin siste snøflekk á 2011 og runda så opp mot toppunktet. Det blåste her litt friskt og det var plassert andelege bodskap om frelsen i toppskapet på varden.
Tok litt tid og åt mat og såg mot Himmelsyna i Birkenes før det vart meir hurtig gange på veg ned att. Enda på eit tidspunkt opp i ei myr og oppdaga mineliknande gjenstandar rundt meg. Det kjentes som eg stod i tjukkaste Mosambik og torte knapt røyre på eit lem. Men etter ein del visuell observasjon forstod eg det dreidde seg om leirduer så då var det berre å forsere vidare over myra.
Ein grei tur utan dei heilt store høgdepunkt eller lågmål.

Tid: 70 min opp (masse pausar), 45 min ned (hurtig gange).
Distanse: 6,66 km tur/retur
Stigning totalt: ca. 220 høgdemeter


Tilbake til Froland






 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset