Ny bruker
Logg inn
 
Kommunetopper (430)
Fylkestopper (19)
2000m (129/228)
Øytopper (400)
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
UZJglwlz
1 m
Meldal
Sør-Trøndelag
Resfjellet, 1161 moh. – Meldal kommune
(Skrevet av Anders 16.04.2011)

Tur foretatt: April 2011.

13.04.11
Resfjellet, 1161 moh. – Meldal kommune

Etter kursdag nr. 2 i Meldal og utsetjing av tur på Resfjellet til 13.04 grunna vermeldinga var det å sette Focus’en i kurs mot Vålåskardet. Det gjekk rykte om øydelagt grusveg (tele) nær Resvatnet, men den lokale raudekrossen hadde uansett tipsa meg om at beste startpunkt var Kåsan, 475 moh, på toppen av grusvegen som var før vegproblema.
Bakkeski, plastsko og feller på rett i vegkanten var GRU i dag. Hadde forsøkt å putte pengar på parkeringsplassautomaten, men dei pengane gjekk rett gjennom kassa. La att 30,- på toppen i rein samaritanand (overskot delt mellom Raudekrossen og Meldal kommune). Så var det å gå fyrst mot Snoenssætra, så nesten direkte nordover langs skuterspor. Ein kjem til eit skikryss med godt kart over område etter kort tid. Lett å sjå her att ein held nordover litt lenger før sporet knekk i ein meir nordvestleg retning. Her er det lange, fine flatar innover mot Ogjerdhøylu. Det var så varmt at alt fór av kroppen sett bort frå boxershortsen (Det var ikkje ein kjeft å sjå uansett). Tok ein del flotte bilde mot Trollheimen og heldt fram med det etter at eg kom inn til foten av fjellet og starta opp mot vatn 968. Ein ser ikkje vatnet når ein kjem under, men det er lett å halde sida oppover. Ville vore meir skeptisk om det hadde vore varsla stor snøskredfare her. Oppe ved vatnet er ein perfekt pauseplass med formidabel utsikt vestover. Var berre rypeklukking som braut lyden frå det tause fjell.
Er ein komen så langt er brorparten av jobben gjort. Eg runda vatnet og haldt god høgde til kanten av snøfonna mot vatnet og fekk ein bratt bakke før det bar opp mot sjølve toppen av fjellet. Feller gjorde jobben lett. Eit par ryper og ein haug med snøspurvar kom og helsa på og ein del skispor i snøen tyda på at folk hadde vore her nylig, med anmarsj frå Vålåskardet. Så slakkar det ut og ein siste bakke må forserast før ein står ved toppvarden. Var berre å skunde seg å få nokre lettklede bilde (framleis MED boxer på!) og kose seg før det vart for kaldt og ein måtte ta meir på seg.
Ønskja å ta ei nedkøyring søraustover ned att, men slo dette frå meg grunna mangel på andre folk i fjellet og ukjent lende. Same veg ned som opp er som regel sikrare. Men det var stor stas her også og breie plankar gjorde jobben ned mykje kjekkare; Det var nemlig blanda føre med ymse tilfelle av gjennomslag i snøen. Ikkje ’råskalle-køyring’, men fint krusande fram og attende med djup knebøyg. Så vart det staking bort flatane og eit siste fint slepp ned til bilen. Trudde eg hadde kjempetid til flyet gjekk frå Værnes og heim så brukte god tid på å høyre radioinnslag om veto mot EU-direktiv og liknande graps. Hadde slettes ikkje god tid så Focusen fekk bein å gå på (…) attende til sivilisasjonen.
Hadde Raudekrossen rett, var dette beste vegval? Gudane veit, men vegen opp frå Kåsan var i vert fall av ypparste klasse – Berre oppover til toppen, feller av og berre nedoverbakke heim att 


Tid: 2t 30 min opp (masse pausar), 45 min ned (få pausar).
Distanse: 12-14 km tur/retur
Stigning totalt: 700 høgdemeter


Tilbake til Meldal






 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset