Ny bruker
Logg inn
 
Kommunetopper (430)
Fylkestopper (19)
2000m (129/228)
Øytopper (400)
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
UZJglwlz
1 m
Marnadal
Vest-Agder
Vinter møter vår - Ei 'Slush Puppy' - oppleving.
(Skrevet av Anders 08.04.2011)

Tur foretatt: April 2011.

06.04.11

Ørteknappknuten, 512 moh. – Marnadal kommune

Starta kl. 1340 etter å ha køyrd frå Søgne til Bjønnjordstjønna. Anbefaler gps her eller i det minste godt forarbeid for å gjere korrekte vegval fram til startpunktet. Hadde ganske sikre kjelde på at det enno var høve for ski i sørinnlandet så Combat Cap’ene til Åsnes var med i bilen med ulike eksemplar av type skifeller. Delvis solfylt og ekte påskesnø var å sjå rundt meg. Starta med minifeller over brua (sjå bildet) og inn over løypa "500fjell" valgte. Ikkje så lett å sjå traktorslepet under snøen, men haldt kursen mot aust og så siste knekk opp søraust mot toppen. Mista limet i ein felle på veg opp, men det var bra med lim i påskesnøen så tok dei fyrst av på toppen. Flott utsikt og litt vind.
Hadde ønskje om å klare Oksla i Vennesla før flyet 1810 så ’øksa’ nedover mot Eivindstad. Her var det diverre eit stup (sjå bildet) så best å halde lenger mot sør for å få ei fin nedstiging, sommar som vinter. Runda rundt og sør mot krysninga av Eptevann, men såg her at tida ikkje strak til med litt feilnavigering og mykje lim i snøen. Snudde og la ei rett linje attende vestover med blanda suksess. Går greitt for dyktige skikøyrarar som likar småstup, men betre å følgje rundt lenger nord mot Eivindstad for beste vegval. Deretter var det å komme seg opp og krysse på nordsida av Ørteknappknuten for å komme ned til bilen att. Litt lugging i tung snø ned til bilen og var av ein eller annan grunn kvalm og uvel, så greitt å komme ned til bilen att ca. 1600.
Brukte ein time attende til Kjevik så rakk flyet med god margin. Blanda kjensler i kroppen med ein ny kommunetopp ’i beltet’, men ein annan som slapp unna. Denne gong.

Tid: 40 min opp. 80 min ned via Eivindstad og Eptevatn
Distanse: 12 km totalt
Stigning totalt: ~400 meter


Tilbake til Marnadal






 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset