Ny bruker
Logg inn
 
Kommunetopper (430)
Fylkestopper (19)
2000m (129/228)
Øytopper (400)
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
UZJglwlz
1 m
Lillesand
Aust-Agder
Skiberobring her er krydder, spesielt ned att!
(Skrevet av Anders 09.03.2011)

Tur foretatt: Mars 2011.

08.03.2011 – Hisåsen, Lillesand

Det fine med mars er mykje lys og snø i skjønn foreining. Etter arbeid var det å sette leigebilen i ruten mot E18 kor det i følgje ein annan omtale skulle vere skilta mot Vatne. Det var det ikkje så måtte snu ved Gullknapptjenn og køyre attende til Lillesand. Tok av ved Tuemyr og låg etter skilting mot Homborsund. Det er godt skilta der frå E18. Langs Kaldvellfjorden var det å ta av mot Vatne – 3 km. Vegen var glasert med høge snøkantar på båe sider så berre å kose seg nordvestover utan trafikk i vegbanen. Nesten ved Vatne vart draumen til realitet då skogsvegen med bom ikkje var brøyta slik at det var å spenne skia på og koste av gårde - Kåre. Eg valte inga skismøring, men med feller i lomma til sjølve klyvinga mot Hisåsen.
Ein skuter hadde køyrd innover vegen og laga eit fint og glatt spor så her var det godt fart å hente. Skogen var tett og knirkete, sikkert ufint i mørke… Etter ca. 2 km og passering av sjølve Hisåsen splitta vegen ved eit grillrede. Berre ein 50-100 meter etter dette går det traktorslep opp til høgre mot toppen. Det er ikkje skilta, men lett å sjå sjølv med masse snø på. Fulgte slepet oppover til krass 170 graders vending nordover. Då tok eg berre fjellskia med feite feller på og peika dei i retning Halvosmyrdalen og tråkka på. Eit greitt val om ein har retningsans og nok snø. Ein del store steinar her så kan vere litt bart om det er lite snø. Kontrollerte i toppen av dalen at toppen ikkje låg sør (Lillerøys), men nordaustover. Fin påskesnø heile vegen opp, men uendeleg gladd for å ikkje gjere toppstøytet med berre smørning under skia.
Kom opp etter 50 min til god utsikt og litt halvdisig med vind = ganske stiv. Artig å sjå ein så flott varde mellom furutræra. Tok godt med tid og fekk eit par blinkskot med kreativ utforming av varden(…) før det var tid for turen ned att. Lærsko og 2 meter langefjellski var ikkje optimal under rådande høve, men det var fullt mogleg å kose seg med langfrekke svingar ned til Pallemyr. Valte altså nordvest – trasée og haldt nok mot nord til å styre unna stupa i front. Kom ned til våren med opne elver, snøbruer og ei døgnvill ugle. Staka så attende til bilen med eit kort stopp med den skumle, raude hytta ved Bjorstemmyra. Fann ut at 100.000,- var eit fint beløp for å overnatte i skumlehytta i skumleskogen. 10.000,- hadde vore uaktuelt.

Tid: 50 min opp. 15 min på toppen. 30 min ned
Distanse: 6-7 km
Stigning totalt: ~200 meter


Tilbake til Lillesand




 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset