Ny bruker
Logg inn
 
Kommunetopper (430)
Fylkestopper (19)
2000m (129/228)
Øytopper (400)
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
Himmelsyna, sør for
645 m
Birkenes
Aust-Agder
Himmelsk syn i solnedgang
(Skrevet av Anders 04.03.2011)

Tur foretatt: Mars 2011.

02.03.2011 – Himmelsyna
Etter ein finfin kursdag i Birkeland var det å sette kursen mot Evje og så 1 mil til Høgås Skisenter. Rykte gjekk om eit fullverdig skianlegg og godt utsyn frå toppen. Veret gav ingen grunn til å syte ; eit par minusgradar (litt uklar måling då min vetle, tsjekkiske leigebil ikkje opererte med den type informasjon) og mørkeblå himmel.
Det tok litt tid med dårlig veg og hompetitten, men det er godt skilta frå Evje så det er berre å “båla på” til du kjem til skiltet ‘Høgås Skisenter’ og så køyre heilt opp til samlingsplass, ikkje stoppe ved fyrste vedtak ( eit tak for lagring av tømmer) som eg gjorde. Du veit når du er framme for her er det lysanlegg, speakerbod og preparerte løyper i alle retningar.
Kl. 1700 la eg ut og knapt har verda sett så mykje skilting mot ein topp. Det står “Himmelsyna” over alt, spørsmålet er berre kor lang tur du ønskjer deg. Eg valte “raud” løype og enda opp ved foten av stasen der ein tar av frå preparert løype mot toppen. Det er skilta ein sti for sommar (blå) og ein annan for vinter (raud) – 1 km til toppen. Her er det relativt bratt, men ikkje vanskelig å finne traséen oppover. Labba opp på minifellene til Åsnes som gjekk greitt nok med litt sikk-sakk. Fult mogleg å komme seg opp og ned med joggepinnar, men du får jobbe om det er mykje nysnø.
Kom opp til toppen ca. 70 min etter start akkurat i det solen ville sjå på Kveldsnytt. Flotte fargar og 15 minutt med fotografering og Indianardans rundt varden for å feire kommunetopp nr. 104. Ekte ROGGBIFF – utsikt 360 med få høge toppar som stengde. Vurderte eksotiske vegval ned att, men då det byrja å verte mørkt og eg var åleine vart valet å ta same trasée attende. Ned att var det god stemning grunna fjellski og stålkant for her var det eksotiske snøhøve; 10 cm pudder, eit tynt islag og meir pudder. Om dei arrangerar NM i artig snø vil nok dette vere ein medaljekandidat. Men ein kom seg då ned til løypa og dro på litt med ufin skøyteteknikk attende til Stadion. Vart totalmørke i det eg runda inn på plassen att, men lysløypa var slått på (stengjer 2130 i følgje skiltinga).
Køyrde så attende 1,5 timer til Kristiandsand og spolerte treningsøkta med ein “Big & Tasty” på McDonalds. Ekstremt trivelig ettermiddag!

Tid: 2 timer t/r inkludert 30 min fotografering
Distanse: ~13 km
Høgdemeter frå start: ~150


Tilbake til Birkenes




 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset