Ny bruker
Logg inn
 
Kommunetopper (430)
Fylkestopper (19)
2000m (129/228)
Øytopper (400)
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
UZJglwlz
1 m
Skaun
Sør-Trøndelag
Skaun - Kan takast kor tid som helst på døgn og år
(Skrevet av Anders 27.01.2011)

Tur foretatt: Januar 2011.

27.01.2011
Hadde planlagt både Hitra og Frøya før denne, men nokon hadde stukket av med snøen i havgapet. Valsa rundt i myr og galskap der ute og snudde når mørket kom sigande.
-
Derfor var Elgshøgda ekstra viktig. Ein kan ikkje drive og drassa med seg ski i det ganske land utan å bruke dei. Dro frå Børsa, kommunesenteret i Skaun og brukte ein dryg halvtime opp til Solsjøbygda. Såg ei dame med støvlar som såg ut som ho hadde vaska håret i bekken, smilte pent til ho og tenkte ikkje meir på det der og då. På radioen var dag 1 av NM på Ski 2011 og fekk servert "Snørosa, Snowrosa, Rosa de la Neige" for fyrste gong sidan 1997, eit smertefult møte med fortida.
GPS'en ville ha meg inn på alle teite gardstun, men det er eigentleg berre å legge den vekk og følgje skiltig og du kjem til den store parkeringsplassen med det fagre namnet ”Fellesbeitet”. Her var det preparerte løyper og nedsnødde skilt med retning mot rett topp. Brukte minifeller og fjellski opp, då var det berre å dra rett på toppen den siste beten (Vestlendingar likar ikkje å gå rundt grauten).
Fann heile 6 turkassar på toppen og ingen andre spor her i dag. Brukte litt tid på bilder og sjå på duse farger i horisonten før det bar ned att same veg. Nydeleg med 20cm sløret, lett snø og mentalt bildet av Prokurorov framføre meg. Ein kjenner seg som eit übermenneske på ski når ein er i svak nedoverbakke!
Kom ned til parkeringsplass etter 10 heftige minutt, turen opp tok 40 minutt inkludert fleire bildepausar.

Tar 90 minutt attende til Værnes for dei som får det tidsaspektet. Fekk også sjå ei kjenning i vegkantet gåande attende mot bilen. Ganske korrekt; Det var elvedama utan lue og vottar, men med langstritt hår som hadde vore på Prix i Fannrem og kom no berrande på to gule poser attende til Solsjøbygda!!!! Meget imponerande når ein tar lengde, tur og skotøy som grunnlag. Min tur til Elgshøgda drukna lett i denne prestasjonen. Men deilig med skitur i ovalforma Trøndelag åkke som.


Tilbake til Skaun




 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset