Ny bruker
Logg inn
 
Kommunetopper (430)
Fylkestopper (19)
2000m (129/228)
Øytopper (400)
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
UZJglwlz
1 m
Levanger
Nord-Trøndelag
Heilt i hundre med skalpen til Skallen!
(Skrevet av Anders 11.12.2010)

Tur foretatt: Desember 2010.

08.12.2010
Mellom slaga i konsulentbransjen fekk eg lurt inn kommunetopp nr. 100 denne onsdagen. Brukte 1,5 timar å køyre frå Trondheim sentrum til Skallastugu via Levanger, Okkahaug og Vulluvegen. 35,- i bompengar på vegen, hadde berre 25,- i klingande mynt så får stikke opp om med ein tiar ved høve.
Målet var sesongens sin fyrste skitur på nye joggepinnar frå sjølvaste Madshus. Har berre brukt solide fjellski med påklistra underhud frå sel i motbakkar og bakkeski for telemark dei siste 15 åra, så smørekunnskapen samt balansen på joggepinnar var så som så.
Skallastuggu var tom, fann inga skilting eller lokale heltar så her var det å køyre standard prosedyre frå glansdagane; Marve på oppover (då går det rett veg og gjer mest motstand). Marvinga varte i ca. 2,5 minutt og vart så erstatta av fiskebein, glepptak, telefonar til SAS om bytte til neste fly og anna sedvanleg fjellkos. Kom etter kvart opp til ein småfrekk stein. Det såg ut som ein Tor med ein viss hammar hadde gått berserk her av uvisse årsaker (truleg kvinnfolk).
Det var lite snø på eggane og djupe fonnar i dalføra, så var berre å liste seg med pinnane på egga i søraustlig retning. Etter ein heil time, 40 minutt meir enn formoda stod Hårskallen sin blanke isse å glinsa med nedfrosen postkasse og helikopterdur i bakgrunnen. Topp nr. 100 var eit faktum. Gleden over årets fyrste vassing på ski i ukjent lende med eitt par hundre høgdemeter ned att og berre nokre syltynne glassfiberstrekar under beina til å hjelpe meg, var mykje større.
Dro litt taktisk nedover i dei feitaste fonnane, køyrde setemuskulatur og andre muskulaturar fast ved jamne høve, men vart overraska at det faktisk var mogleg å dra nokre småfine t-svingar mot Skallastuggu. Fulgte meir over toppen og rett nordover ned att for så å krenge i rettretning vestnordvest siste beten. Er greitt å ha kart og kompass i guffent vêr her, men i dag haldt det med den yre lysta til å få køyre Honda Insight på ny (hybrid leigebil).
Kom ned til leigebilen etter 90 minutt på farta inkludert 5 minutt på toppen for å kontrollere at boka i postkassa var full av snø så det ikkje var mogleg å signere inn sin topp nr. 100 (fann andre metoder å markere på, kan du seie...). Ein time attende til Værnes med 'trønder til trønder' på nærradioen - Har livet meir å by på?


Tilbake til Levanger


 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset