Ny bruker
Logg inn
 
Kommunetopper (430)
Fylkestopper (19)
2000m (129/228)
Øytopper (400)
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
UZJglwlz
1 m
Eidfjord
Hordaland
Full klaff!
(Skrevet av Ole-J 02.04.2006)

Tur foretatt: April 2006.

Laurdag 01.04.06 Dette er ingen aprilspøk! BI og eg tok toget laurdag morgon. Etter å ha sjekka inn på Finsehytta kom vi oss avgårde i halv to-tida. Fantastisk flott vær! Nesten vindstille og strålande sol. Eg gjekk på lette fjellski med BC-binding. Litt restar av gammal blåswix sat som eit skudd. Enkelt terreng inn til Appelsinhytta og opp den sakke breen i Middalen og inn på baksida av Nordre Kongsnuten. Den bratte bakken opp breen til Jøkulhytta var dryg. Det brattaste partiet gjekk eg til fots, men ellers sat skia som støpt til underlaget.. Utsikta på toppen var utruleg! Hårteigen, Gaustatoppen, Hurrungane, Hallingskarvet - kvite fjell heile horisonten rundt. Det var ein spesiell opplevelse å gå på toppen av breen. Alt var berre stort og kvitt. Utruleg fritt. Absolutt ingen ting som sperra for utsikta. På toppen bestemte vi oss for å ta heile runda. Det blei ein flott skitur! Slakke bakkar ned til Finsevatnet. Det smakte godt med dusj og middag på Finsehytta etterpå. Alle var einige om at det hadde vore ein fin tur! :) Turen heim på søndag blei ei heilt anna historie. Buss for tog.. say no more...

Tilbake til Eidfjord
 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset